Sykkylven handelsforening: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: Sykkylven handelsforening var ei næringsforeining i Sykkylven som vart skipa i 1954 som ei grein under Sykkylven Industrilag. Den første saka laget hadde oppe var sal av malt i spann. ...)
 
Ingen redigeringsforklaring
Linje 2: Linje 2:

Ei anna viktig sak for laget var kreditthandelen som dei styrande i handelsforeininga ønskte å avgrense. I 1963 vart det laga til ein felles plakat som kom opp i mange butikkar: Lev livet fritt - kjøp aldri på kreditt!

Daglegvarebutikkane stod ikkje heilt fritt i prissettingane av varene. Noteringsutvalet sette maksprisar på basisvarer, og desse prisane vart slått opp i butikkane. Dermed vart prisane i dei forskjellige daglegvarebutikkane noksa like. Den viktigaste konkurransefordelen dei kunne finne var nærleiken til kundane, og servicenivået.
Sal av øl i butikk er ikkje noko nytt fenomen i Sykkylven. I 1950-åra var det sal av svakøl over disk, såkalla lagerøl. Pils og bayerøl var ikkje lagervare, men kunne skaffast. I 1971 var det eit medlem av kjøpmannslaget som ville at daglegvarebutikkane skulle søkje om å få selgje øl i skatteklasse 2, men vedkomande vart nedstemt. Det var først tidleg i nittiåra at kjøpmennene i Sykkylven vart samde om å skaffe seg salsrettar for øl.
Handelsforeininga var også oppteken av salet som skjedde av omreisande seljarar. Dørsal var ikkje mykje utbreidd, men det var ein del som reiste rundt og selde fisk og kjøtt og frukt. I 1972 rekna foreininga ut at 12% av salet av spekemat skjedde gjennom såkalla dørsal i Sykkylven. Eit anna tema var sal av daglegvarer på bensinstasjonane. Handelsforeininga kunne ikkje gjere stort for å hindre slikt sal.
Andre saker som foreininga engasjerte seg i frå 1960-åra var opningstider og parkeringstilhøva i sentrum. Det kom klager frå dei som arbeidde på fabrikk over at butikkane var vanskelege å nå etter arbeidstidas slutt. Dette vart søkt løyst ved å innføre ein langdag. Torsdagane har vore fast langdag for butikkane i Sykkylven frå 1971. Dei siste tiåra har butikkane vore opne til kl. 19.00 denne dagen.

Sideversjonen fra 28. jul. 2012 kl. 09:57

Sykkylven handelsforening var ei næringsforeining i Sykkylven som vart skipa i 1954 som ei grein under Sykkylven Industrilag. Den første saka laget hadde oppe var sal av malt i spann. Det vart bestemt at medlemene for framtida skulle selje denne vara i små glas. Noko anna som tidlegare vart seld i spann var mjølk. Fram til ca 1960 var det berre eitt godkjent mjølkeutsal i kommunesenteret Aure, butikken til L.K.A. Aure som Oddlaug Aure då dreiv. I 1962 byrja Sunnmøre Meieri i Ålesund å levere mjølka i flasker og då kunne alle daglegvarebutikkar selje mjølk. Dei måtte då investere i kjøleanlegg. Dette slo ut på straumrekningane. Ei av oppgåvene til handelsforeninga vart då å tinge med kraftverket om gode prisar på krafta.