Sykkylven handelsforening

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 28. jul. 2012 kl. 09:45 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: Sykkylven handelsforening var ei næringsforeining i Sykkylven som vart skipa i 1954 som ei grein under Sykkylven Industrilag. Den første saka laget hadde oppe var sal av malt i spann. ...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Sykkylven handelsforening var ei næringsforeining i Sykkylven som vart skipa i 1954 som ei grein under Sykkylven Industrilag. Den første saka laget hadde oppe var sal av malt i spann. Det vart bestemt at medlemene for framtida skulle selje denne vara i små glas. Noko anna som tidlegare vart seld i spann var mjølk. Fram til ca 1960 var det berre eitt godkjent mjølkeutsal i kommunesenteret Aure, butikken til L.K.A. Aure som Oddlaug Aure då dreiv. I 1962 byrja Sunnmøre Meieri i Ålesund å levere mjølka i flasker og då kunne alle daglegvarebutikkar selje mjølk. Dei måtte då investere i kjøleanlegg. Dette slo ut på straumrekningane. Ei av oppgåvene til handelsforeninga vart då å tinge med kraftverket om gode prisar på krafta.

Ei anna viktig sak for laget var kreditthandelen som dei styrande i handelsforeininga ønskte å avgrense. I 1963 vart det laga til ein felles plakat som kom opp i mange butikkar: Lev livet fritt - kjøp aldri på kreditt!