Sykkylven kulturhus: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: '''Sykkylven kulturhus''' stod ferdig til bruk i 1969. Dei første åra gjekk det under namnet Sykkylven samfunnshus. Det var SYkkylven frilynde ungdomslag som stod bak bygginga. Fram ti...)
 
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
'''Sykkylven kulturhus''' stod ferdig til bruk i 1969. Dei første åra gjekk det under namnet Sykkylven samfunnshus. Det var SYkkylven frilynde ungdomslag som stod bak bygginga. Fram til 1969 hadde laget halde til i ungdomshuset Valhall. Valhall stod der Intersport B.S. Aure er i dag. Valhall vart bygd i 1914 og i slutten av 1950-åra var det behov for ein større og kostbar reparasjon. Laget kom til at nytt bygg på ny tomt ville vere det beste, og tomt vart kjøpt på eit stykke aust for staden der Sykkylvsbladet ligg i dag.
'''Sykkylven kulturhus''' stod ferdig til bruk i 1969. Dei første åra gjekk det under namnet Sykkylven samfunnshus. Det var [[Sykkylven frilynde ungdomslag]] som var hovuddrivkraft bak bygginga. Fram til 1969 hadde laget halde til i ungdomshuset [[Valhall]]. Valhall stod der Intersport B.S. Aure er i dag. Valhall vart bygd i 1914 og i slutten av 1950-åra var det behov for ein større og kostbar reparasjon. Laget kom til at nytt bygg på ny tomt ville vere det beste, og tomt vart kjøpt på eit stykke aust for staden der Sykkylvsbladet ligg i dag.

Ungdomslaget hadde ein del midlar som kunne settast inn i eit nytt hus. I 1939 starta ungdomslaget og Aure Sanitets Gjentelag kinodrift i Valhall med 50% eigardel kvar. I utgangspunktet var det tenkt at overskotet av kinodrifta skulle gå til bygging av folkebad. I åra etter krigen fekk folk flest baderom i eigne husvere, trongen for eit offentleg bad var derfor ikkje lenger påtrengande. Pengane kunne difor nyttast til andre prosjekt, og bygging av eit nytt samlingshus vart eit slikt prosjekt. For ungdomslaget var det viktig å få løyst laget sitt eige husproblem, så lenge Valhall tydeleg ikkje stetta dei krav ein måtte stille til eit moderne samlingshus. Det passa elles godt at kommunen på same tid arbeidde med planar om bygging av ein gymnastikksal til ungdomsskulen.  Dermed modnast tankane om eit samfunnshus i kombinasjon med gymnastikksal og symjehall.
Ungdomslaget hadde ein del midlar som kunne settast inn i eit nytt hus. I 1939 starta ungdomslaget og [[Aure Sanitets Gjentelag]] kinodrift i Valhall med 50% eigardel kvar. I utgangspunktet var det tenkt at overskotet av kinodrifta skulle gå til bygging av folkebad. I åra etter krigen fekk folk flest baderom i eigne husvere, trongen for eit offentleg bad var derfor ikkje lenger påtrengande. Pengane kunne difor nyttast til andre prosjekt, og bygging av eit nytt samlingshus vart eit slikt prosjekt. For ungdomslaget var det viktig å få løyst laget sitt eige husproblem, så lenge Valhall tydeleg ikkje stetta dei krav ein måtte stille til eit moderne samlingshus. Det passa elles godt at kommunen på same tid arbeidde med planar om bygging av ein gymnastikksal til ungdomsskulen.  Dermed modnast tankane om eit samfunnshus i kombinasjon med gymnastikksal og symjehall.

Synfaringar
Synfaringar
Det var personar i ungdomslaget og i Aure Sanitets Gjentelag som var dei viktigaste drivkreftene i førebuingsarbeidet for eit nytt samfunshus. Eit arbeidsutval kom i arbeid i 1962. Frå ungdomslaget var desse med i utvalet: Karl J. Eidem, Leonhard Hole, Erling Lillevik og Torleif Tynes. Frå sanitetsforeininga var Kirsti Gjerde med. Arbeidsutvalet reiste på synfaringar for å sjå på samfunnshusa i Ulsteinvik, på Dovre, Lalm og Vågåmo. Med på synfaringane var også skulesjefen, Olav Vik, leiar i skulestyret, Jon Jarnes, og leiar i fylkesskulestyret Johan Hjorthol. Dei som tok del på desse studieturane fekk svar på mange spørsmål som vart stilt om bygging, dugnadsarbeid og drifta av slike anlegg. Det var særleg anlegget i Vågåmo dei likte. Det var ein kombinasjon av samfunnshus og symjehall.  
Det var personar i ungdomslaget og i Aure Sanitets Gjentelag som var dei viktigaste drivkreftene i førebuingsarbeidet for eit nytt samfunshus. Eit arbeidsutval kom i arbeid i 1962. Frå ungdomslaget var desse med i utvalet: [[Karl J. Eidem]], [[Leonhard Hole]], [[Erling Lillevik]] og [[Torleif Tynes]]. Frå sanitetsforeininga var [[Kirsti Gjerde]] med. Arbeidsutvalet reiste på synfaringar for å sjå på samfunnshusa i Ulsteinvik, på Dovre, Lalm og Vågåmo. Med på synfaringane var også skulesjefen, [[Olav Vik]], leiar i skulestyret, [[Jon Jarnes]], og leiar i fylkesskulestyret [[Johan Hjorthol]]. Dei som tok del på desse studieturane fekk svar på mange spørsmål som vart stilt om bygging, dugnadsarbeid og drifta av slike anlegg. Det var særleg anlegget i Vågåmo dei likte. Det var ein kombinasjon av samfunnshus og symjehall.  

Strid om kombinasjonsdrift
Strid om kombinasjonsdrift
I førebuingsperioden vart det kalla inn til folkemøte i gymnastikksalen på Aure skule, der leiaren av Statens ungdoms- og idrettskontor, Rolf Hofmo, møtte. Hofmo var særs frittalande og det vart eit livleg møte. Striden stod om kombinasjonen samfunnshus på den eine sida og symjehall og gymnastikksal på den andre sida. Det var meininga at symjehallen og gymnastikksalen skulle nyttast av mellom andre ungdomsskulen. Salen skulle til andre tider kunne nyttast til dansar, teater- og kinoframsyningar. Denne kombinasjonen var for fleire, mellom anna for personar knytt til enkelte kristne miljø, utåleleg.  
I førebuingsperioden vart det kalla inn til folkemøte i gymnastikksalen på Aure skule, der leiaren av Statens ungdoms- og idrettskontor, [[Rolf Hofmo]], møtte. Hofmo var særs frittalande og det vart eit livleg møte. Striden stod om kombinasjonen samfunnshus på den eine sida og symjehall og gymnastikksal på den andre sida. Det var meininga at symjehallen og gymnastikksalen skulle nyttast av mellom andre ungdomsskulen. Salen skulle til andre tider kunne nyttast til dansar, teater- og kinoframsyningar. Denne kombinasjonen var for fleire, mellom anna for personar knytt til enkelte kristne miljø, utåleleg.  
    
Både i skulestyret, formannsskapet og i kommunestyret var det dryge og til dels høgrøsta debattar. Ein representant i skulestyret begynte innlegget sitt slik: ”Eg forstår at dette er ei vanskeleg og ubehageleg sak for mange, sidan det møter så mange varamedlemer!” Men planane blei med stort fleirtal vedtekne i alle politiske organ og godkjende i STUI. Også Riksteatret var inne og godkjende planane, for i samlingssalen vart det teikna inn ei stor scene som skulle gje plass til teatret sine oppsetningar.

Linje 15: Linje 15:

Ny tomt
Ny tomt
29. april 1966 vart det vedteke at arbeidsutvalet skulle vere interimstyre fram til skipingsmøtet 25. juni. Då vart desse valde til styre og byggenemnd: Leonhard Hole, leiar, Petter Hjorthol, nestleiar, K.J. Eidem, kasserar og Kirsti Gjerde, styremedlem. Det vart også vald eit eige representantskap samansett av dei ulike luteigarane. Erling Lillevik vart første leiar i representantskapen. Torleif Tynes vart leiar i organisasjonsnemnda. Kommunen valde eiga byggjenemnd for symjehallen, som vart eit reint kommunalt bygg.
29. april 1966 vart det vedteke at arbeidsutvalet skulle vere interimstyre fram til skipingsmøtet 25. juni. Då vart desse valde til styre og byggenemnd: Leonhard Hole, leiar, [[Petter Hjorthol]], nestleiar, K.J. Eidem, kasserar og Kirsti Gjerde, styremedlem. Det vart også vald eit eige representantskap samansett av dei ulike luteigarane. Erling Lillevik vart første leiar i representantskapen. Torleif Tynes vart leiar i organisasjonsnemnda. Kommunen valde eiga byggjenemnd for symjehallen, som vart eit reint kommunalt bygg.

Då var ein komen så langt at ein kunne byrje dei praktiske førebuingane for å reise bygget. Initiativtakarane kom til at den tomta som først vart kjøpt ikkje eigna seg så godt med tanke på det planlagte samarbeidet med skulane. Ny tomt vart kjøpt av Gudrun og Nils Roald. Den var betydeleg større enn den første tomta. Roald overtok denne som delvis vederlag for den nye.
Då var ein komen så langt at ein kunne byrje dei praktiske førebuingane for å reise bygget. Initiativtakarane kom til at den tomta som først vart kjøpt ikkje eigna seg så godt med tanke på det planlagte samarbeidet med skulane. Ny tomt vart kjøpt av Gudrun og [[Nils Roald]]. Den var betydeleg større enn den første tomta. Roald overtok denne som delvis vederlag for den nye.

Privat lutlag
Privat lutlag
Arkitekt for bygget var Karstein Oddmund Vik og byggjeleiar Torbjørn Aasen. Byggearbeidet begynte i 1968 med Hans Lillevik Entreprenørforretning AS som hovudentreprenør. Då arbeidet var ferdig hausten 1969 kosta samfunnshuset ca 1.5 millionar kroner. Av dette var eigenkapital og tippemidlar ca 500 000 kr. Symjehallen kosta ca 1.7 millionar kroner, og av dette var tippemidlar og fylkestilskot ca 200 000 kr.
Arkitekt for bygget var [[Karstein Oddmund Vik]] og byggjeleiar [[Torbjørn Aasen]]. Byggearbeidet begynte i 1968 med [[Hans Lillevik]] Entreprenørforretning AS som hovudentreprenør. Då arbeidet var ferdig hausten 1969 kosta samfunnshuset ca 1.5 millionar kroner. Av dette var eigenkapital og tippemidlar ca 500 000 kr. Symjehallen kosta ca 1.7 millionar kroner, og av dette var tippemidlar og fylkestilskot ca 200 000 kr.

Frå starten av har eigarforholdet vore todelt. A-aksjonærane var dei to laga som er nemnde, kommunen  og 15-20 andre lag. B-aksjonærane var privatpersonar. Då samfunnshuset var ferdig hausten 1969, fekk det dette styret:

Linje 27: Linje 27:
Leonhard Hole, nestleiar
Leonhard Hole, nestleiar
K.J. Eidem, kasserar
K.J. Eidem, kasserar
Olav Myklebust, sekretær
[[Olav Myklebust]], sekretær
Petra Brudevold, styremedlem.
[[Petra Brudevold]], styremedlem.

Samfunnshuset vart opna med stor festivitas og gode kulturinnslag  i 1969.  
Samfunnshuset vart opna med stor festivitas og gode kulturinnslag  i 1969.  
Linje 35: Linje 35:

Dei åra huset har vore i drift har det vore ein gild samlingsplass for folk frå heile kommunen. Mellom anna har det i mange år vorev kinodrift i kulturhuset.  
Dei åra huset har vore i drift har det vore ein gild samlingsplass for folk frå heile kommunen. Mellom anna har det i mange år vorev kinodrift i kulturhuset.  
===Kjelde:===
===Kjelde:===
* Leonhard Hole og Erling Lillevik: Opptaket til Sykkylven Samfunnshus. Årbok for Sykkylven 2002.
* Leonhard Hole og Erling Lillevik: Opptaket til Sykkylven Samfunnshus. Årbok for Sykkylven 2002.

Sideversjonen fra 30. aug. 2012 kl. 20:02

Sykkylven kulturhus stod ferdig til bruk i 1969. Dei første åra gjekk det under namnet Sykkylven samfunnshus. Det var Sykkylven frilynde ungdomslag som var hovuddrivkraft bak bygginga. Fram til 1969 hadde laget halde til i ungdomshuset Valhall. Valhall stod der Intersport B.S. Aure er i dag. Valhall vart bygd i 1914 og i slutten av 1950-åra var det behov for ein større og kostbar reparasjon. Laget kom til at nytt bygg på ny tomt ville vere det beste, og tomt vart kjøpt på eit stykke aust for staden der Sykkylvsbladet ligg i dag.

Ungdomslaget hadde ein del midlar som kunne settast inn i eit nytt hus. I 1939 starta ungdomslaget og Aure Sanitets Gjentelag kinodrift i Valhall med 50% eigardel kvar. I utgangspunktet var det tenkt at overskotet av kinodrifta skulle gå til bygging av folkebad. I åra etter krigen fekk folk flest baderom i eigne husvere, trongen for eit offentleg bad var derfor ikkje lenger påtrengande. Pengane kunne difor nyttast til andre prosjekt, og bygging av eit nytt samlingshus vart eit slikt prosjekt. For ungdomslaget var det viktig å få løyst laget sitt eige husproblem, så lenge Valhall tydeleg ikkje stetta dei krav ein måtte stille til eit moderne samlingshus. Det passa elles godt at kommunen på same tid arbeidde med planar om bygging av ein gymnastikksal til ungdomsskulen. Dermed modnast tankane om eit samfunnshus i kombinasjon med gymnastikksal og symjehall.

Synfaringar Det var personar i ungdomslaget og i Aure Sanitets Gjentelag som var dei viktigaste drivkreftene i førebuingsarbeidet for eit nytt samfunshus. Eit arbeidsutval kom i arbeid i 1962. Frå ungdomslaget var desse med i utvalet: Karl J. Eidem, Leonhard Hole, Erling Lillevik og Torleif Tynes. Frå sanitetsforeininga var Kirsti Gjerde med. Arbeidsutvalet reiste på synfaringar for å sjå på samfunnshusa i Ulsteinvik, på Dovre, Lalm og Vågåmo. Med på synfaringane var også skulesjefen, Olav Vik, leiar i skulestyret, Jon Jarnes, og leiar i fylkesskulestyret Johan Hjorthol. Dei som tok del på desse studieturane fekk svar på mange spørsmål som vart stilt om bygging, dugnadsarbeid og drifta av slike anlegg. Det var særleg anlegget i Vågåmo dei likte. Det var ein kombinasjon av samfunnshus og symjehall.

Strid om kombinasjonsdrift I førebuingsperioden vart det kalla inn til folkemøte i gymnastikksalen på Aure skule, der leiaren av Statens ungdoms- og idrettskontor, Rolf Hofmo, møtte. Hofmo var særs frittalande og det vart eit livleg møte. Striden stod om kombinasjonen samfunnshus på den eine sida og symjehall og gymnastikksal på den andre sida. Det var meininga at symjehallen og gymnastikksalen skulle nyttast av mellom andre ungdomsskulen. Salen skulle til andre tider kunne nyttast til dansar, teater- og kinoframsyningar. Denne kombinasjonen var for fleire, mellom anna for personar knytt til enkelte kristne miljø, utåleleg.

Både i skulestyret, formannsskapet og i kommunestyret var det dryge og til dels høgrøsta debattar. Ein representant i skulestyret begynte innlegget sitt slik: ”Eg forstår at dette er ei vanskeleg og ubehageleg sak for mange, sidan det møter så mange varamedlemer!” Men planane blei med stort fleirtal vedtekne i alle politiske organ og godkjende i STUI. Også Riksteatret var inne og godkjende planane, for i samlingssalen vart det teikna inn ei stor scene som skulle gje plass til teatret sine oppsetningar.

Ny tomt 29. april 1966 vart det vedteke at arbeidsutvalet skulle vere interimstyre fram til skipingsmøtet 25. juni. Då vart desse valde til styre og byggenemnd: Leonhard Hole, leiar, Petter Hjorthol, nestleiar, K.J. Eidem, kasserar og Kirsti Gjerde, styremedlem. Det vart også vald eit eige representantskap samansett av dei ulike luteigarane. Erling Lillevik vart første leiar i representantskapen. Torleif Tynes vart leiar i organisasjonsnemnda. Kommunen valde eiga byggjenemnd for symjehallen, som vart eit reint kommunalt bygg.

Då var ein komen så langt at ein kunne byrje dei praktiske førebuingane for å reise bygget. Initiativtakarane kom til at den tomta som først vart kjøpt ikkje eigna seg så godt med tanke på det planlagte samarbeidet med skulane. Ny tomt vart kjøpt av Gudrun og Nils Roald. Den var betydeleg større enn den første tomta. Roald overtok denne som delvis vederlag for den nye.

Privat lutlag Arkitekt for bygget var Karstein Oddmund Vik og byggjeleiar Torbjørn Aasen. Byggearbeidet begynte i 1968 med Hans Lillevik Entreprenørforretning AS som hovudentreprenør. Då arbeidet var ferdig hausten 1969 kosta samfunnshuset ca 1.5 millionar kroner. Av dette var eigenkapital og tippemidlar ca 500 000 kr. Symjehallen kosta ca 1.7 millionar kroner, og av dette var tippemidlar og fylkestilskot ca 200 000 kr.

Frå starten av har eigarforholdet vore todelt. A-aksjonærane var dei to laga som er nemnde, kommunen og 15-20 andre lag. B-aksjonærane var privatpersonar. Då samfunnshuset var ferdig hausten 1969, fekk det dette styret: Petter Hjorthol, leiar Leonhard Hole, nestleiar K.J. Eidem, kasserar Olav Myklebust, sekretær Petra Brudevold, styremedlem.

Samfunnshuset vart opna med stor festivitas og gode kulturinnslag i 1969.

I 2009 tok Sykkylven kommune over drifta av huset etter at husstyret i mange år hadde slite med å få drifta av huset i økonomisk balanse. Særleg tynga eit lån som vart teke opp i samband med bygging av ny vestibyle i 2000 mykje.

Dei åra huset har vore i drift har det vore ein gild samlingsplass for folk frå heile kommunen. Mellom anna har det i mange år vorev kinodrift i kulturhuset.

Kjelde:

  • Leonhard Hole og Erling Lillevik: Opptaket til Sykkylven Samfunnshus. Årbok for Sykkylven 2002.