Synnestvedt (offisersslekt)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 16. feb. 2014 kl. 08:43 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Ny side: '''Synnestvedt''' er eit familienamn som på 1700- og 1800-talet vart brukt av ei slekt som i fleire generasjonar hadde eit uvanleg stort innslag av [[Off...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Synnestvedt er eit familienamn som på 1700- og 1800-talet vart brukt av ei slekt som i fleire generasjonar hadde eit uvanleg stort innslag av offiserar og underoffiserar. Det gjeld etterkomarane til Torbjørn Olavsson Synnestvedt (1688-1766) og hans fyrste kone, Johanne Henriksdotter Stub frå Kristiansand (1691-1733). Torbjørn Olavsson var bondeson frå Sygnestveit i Ulvik i Hardanger. Han vart underoffiser under Elleveårskrigen 1709-1720, og sidan gjestgjevar på Sandven i Kvam også i Hardanger. Ein av sønene deira vart offiser, ein annan sersjant. I generasjonen deretter vart tre brør velkjende offiserar.