Synnestvedt (offisersslekt)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Synnestvedt er eit familienamn som på 1700- og 1800-talet vart brukt av ei slekt som i fleire generasjonar hadde eit uvanleg stort innslag av offiserar og underoffiserar. Det gjeld etterkomarane til Torbjørn Olavsson Synnestvedt (1688-1766) og hans fyrste kone, Johanne Henriksdotter Stub frå Kristiansand (1691-1733). Torbjørn Olavsson var bondeson frå Sygnestveit i Ulvik i Hardanger. Han vart underoffiser under Elleveårskrigen 1709-1720, og sidan gjestgjevar på Sandven i Kvam også i Hardanger. Ein av sønene deira vart offiser, ein annan sersjant. I generasjonen deretter vart tre brør velkjende offiserar.

Frå og med Torbjørn Olavsson brukte slekta ein variant av gardsnamnet, Synnestvedt, som etternamn, enda om dei ikkje lenger hadde anna enn slektstilknytinga til garden Sygnestveit, men hadde fått rotfeste i heilt andre bygder og byar. Ein konsekvent bruk av eit familienamn på den måten var uvanleg blant allmugen til heilt innpå 1900-talet. Før den tid var dette eit nesten sikkert teikn på at familien vart rekna til dei kondisjonerte, altså dei høgare samfunnslaga, eller at dei skilde seg ut f.eks. ved innvandringsbakgrunn utan nødvendigvis å tilhøyre nokor overklasse.

Som underoffiser og gjestgjevar skilde Torbjørn Olavsson seg allereie noko ut frå den allmugen han kom frå. Offiserane høyrde definitivt til dei kondisjonerte stender. Synnestvedt-offiserane på 1700- og det tidlegaste 1800-talet brukte jamvel stundom adelsmerket «von» (von Synnestvedt). Det hadde dei full rett til å gjere. Som offiser og embetsmann som stod i rangen hadde du eit formelt adelskap. Dei hadde jamvel fått spesielt kongeleg løyve til nettopp å nytte «von» i namnet.[1]

Referansar

  1. Bilsted, H.F. 1904.