Syver Bræck: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Opprettar artikkel)
 
(mellomlagring)
Linje 7: Linje 7:


Vi kjenner ikkje til korvidt Syver stifta eigen familie.
Vi kjenner ikkje til korvidt Syver stifta eigen familie.
== Utdanning og yrke ==
Han tok norsk tannlegeeksamen i 1882, same året som den to–tre år eldre broren [[Hans Bræck Aurlie|Hans]]. På eit bilete frå ei samankomst i den skandinaviske tannlegeforeininga i juli 1886 er Syver Bræck med, i likskap med dei  tre andre tannlegesyskena. I namnelista til biletet er Syver markert som «Bræck, S.R. [[Egersund]].» Det har ikkje lykkast å stadfeste praksisen i Rogalands-byen.  Men vi har venteleg eit spor  i ein annonse i [[Egersundsposten]] den 15. mai 1886, der ein «Tandlæge Brock» melder at han er komen til byen og installert på Hotel Jæderen.<ref>[https://www.nb.no/items/69a18dc018ab001b0a47f3ac0b431a98?page=3&searchText=%22Brock%22 Egersundsposten 15.5.1886.]</ref> Det blir også gjort merksam på at det berre skal vere eit kort opphald. Tandlæge Brock har da eit par gonger i løpet av vinteren og våren hatt små annonser om at han skal kome til byen.<ref>[https://www.nb.no/items/393fd1d4689616f7e2de3b10ef8c9a4d?page=3&searchText=%22Tandl%C3%A6ge%22  T.d. Egersundsposten 10.2.1886]</ref> Det er ikkje urimeleg å tru at «Brock» er feilskrive for Bræck sjølv om det står ukorrigert på trykk fleire gonger.
== Referansar ==
<references/>
== Kjelder og litteratur ==

Sideversjonen fra 23. nov. 2023 kl. 07:29

Syver Rasmusson Bræck (fødd i Skjåk 24. januar 1850, dødsdato og -stad ukjent) var tannlege, og før det m.a. handelsbetjent. Han emigrerte til Russland og/eller Finland, og ikkje så mykje er kjent av livshistoria hans elles. Som det heiter i ein særs knapp biografi i Norges tannleger 1929: «Hvis han lever bor han sannsynligvis i Finnland.»

Bakgrunn og familie

Han var fødd og oppvaksen på Nedre Brekk, ein mellomstor gard på Bersustrond i Skjåk. Foreldra var gardbrukarparet Rasmus Rasmusson Bræk (1810–1871) og Lene Sylfestsdotter Bræk (fødd 1815). Ved sida av å vere gardbrukar var faren lærar og kyrkjesongar.

Syver var nummer seks av ein syskenflokk på ni, fødde i tidsrommet 1837–1858. Desse syskena utmerka seg ved – etter tid og omstende – utradisjonelle val av yrke og livsbaner. Særleg slåande er at fire av syskena, deriblant altså Syver, utdanna seg til tannlegar. (Sjå oversyn i artikkel om systera Lina Breck.)

Vi kjenner ikkje til korvidt Syver stifta eigen familie.

Utdanning og yrke

Han tok norsk tannlegeeksamen i 1882, same året som den to–tre år eldre broren Hans. På eit bilete frå ei samankomst i den skandinaviske tannlegeforeininga i juli 1886 er Syver Bræck med, i likskap med dei tre andre tannlegesyskena. I namnelista til biletet er Syver markert som «Bræck, S.R. Egersund.» Det har ikkje lykkast å stadfeste praksisen i Rogalands-byen. Men vi har venteleg eit spor i ein annonse i Egersundsposten den 15. mai 1886, der ein «Tandlæge Brock» melder at han er komen til byen og installert på Hotel Jæderen.[1] Det blir også gjort merksam på at det berre skal vere eit kort opphald. Tandlæge Brock har da eit par gonger i løpet av vinteren og våren hatt små annonser om at han skal kome til byen.[2] Det er ikkje urimeleg å tru at «Brock» er feilskrive for Bræck sjølv om det står ukorrigert på trykk fleire gonger.

Referansar

Kjelder og litteratur