Syvert Ommundsen Eeg

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Syvert Ommundsen Eeg (født 1757 i Søgne, død 20. november 1838 same stad) var skipper, gardbrukar og eidsvollsmann.

Han var gift med Anne Salvesdotter frå Klepland i Søgne. Paret fekk sju born. I folketellinga 1801 budde dei på garden Eik i Søgne prestegjeld, i dag Søgne kommune. Syvert Ommundsen var då bonde og gardbrukar.

Ved valet i Søgne prestegjeld vart han ein av valmennene frå prestegjeldet, og på amtsforsamlinga i Mandals amt den 19. mars vart han amtets tredje representant. Dei to andre var Erich Haagensen Jaabech og Osmund Andersen Lømsland. Amtet ved det einaste som sende tre bonderepresentantar til Eidsvoll. Under forhandlingane røysta han med unionspartiet.

Kjelder