Telemark Fjørfeavlslag: Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
m (Teksterstatting – «Kategori:Telemark» til «Kategori:Telemark fylke») |
||
(4 mellomliggende versjoner av 3 brukere er ikke vist) | |||
Linje 10: | Linje 10: | ||
==Kjelder== | ==Kjelder== | ||
*Sætherskar, Johs. (red.), ''Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon'', Bergen, 1949. | *Sætherskar, Johs. (red.), ''Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon'', Bergen, 1949. | ||
[[Kategori:Telemark fylke]] | [[Kategori:Telemark fylke]] | ||
[[Kategori:Landbruksforeninger]] | [[Kategori:Landbruksforeninger]] | ||
[[Kategori:Etableringer i 1905]] | [[Kategori:Etableringer i 1905]] | ||
[[Kategori: | {{nn}} | ||
[[Kategori:Fjørfehold]] |
Nåværende revisjon fra 1. jan. 2024 kl. 10:08
Telemark Fjørfeavlslag blei skipa i 1905. Laget var ei underavdeling av Norsk Fjørfeavlslag, og fekk støtte frå Telemark Landbruksselskap.
Historikk
Fjørfeavlslaget blei skipa av boktrykkar Kr. H. Dyring frå Porsgrunn. Han var ein av dei førande når det gjald avl av fjørfe i 1905. Frå byrjinga stod amtmann Viggo Ullmann som formann i laget. Då han døydde i 1910, tok Dyring over som formann, og sat med denne stillinga i 16 år. Seinare har det vore fleire leiarar i laget. Småbruksskulestyrar Grepstad frå Gjerpen sat med stillinga etter Dyring. Deretter småbruksskulelærarane Erling Eriksen frå Ulefoss, og Olav O. Lurås frå Gjerpen.
Kring 1950 stod fem fjørfe- og egglag tilslutta fylkeslaget, i tillegg til ein del einskildmedlemar. Laget dreiv opplysningsarbeid om fjørfeavl gjennom foredrag, utstillingar og trykksaker. Dei delte også ut rugeegg og avlsdyr til medlemane. Frå 1923 fekk laget i gang Statens kontrollavlsstasjon på Frogner Småbruksskule. Hovudvekta var lagt på nytterasar og økonomisk fjørfeavl.
Kjelder
- Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.