Telemark Fjørfeavlslag

Sideversjon per 1. jan. 2024 kl. 10:08 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «Kategori:Telemark» til «Kategori:Telemark fylke»)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

Telemark Fjørfeavlslag blei skipa i 1905. Laget var ei underavdeling av Norsk Fjørfeavlslag, og fekk støtte frå Telemark Landbruksselskap.

Gåseslag på Frogner Småbruksskule.

Historikk

Fjørfeavlslaget blei skipa av boktrykkar Kr. H. Dyring frå Porsgrunn. Han var ein av dei førande når det gjald avl av fjørfe i 1905. Frå byrjinga stod amtmann Viggo Ullmann som formann i laget. Då han døydde i 1910, tok Dyring over som formann, og sat med denne stillinga i 16 år. Seinare har det vore fleire leiarar i laget. Småbruksskulestyrar Grepstad frå Gjerpen sat med stillinga etter Dyring. Deretter småbruksskulelærarane Erling Eriksen frå Ulefoss, og Olav O. Lurås frå Gjerpen.

Kring 1950 stod fem fjørfe- og egglag tilslutta fylkeslaget, i tillegg til ein del einskildmedlemar. Laget dreiv opplysningsarbeid om fjørfeavl gjennom foredrag, utstillingar og trykksaker. Dei delte også ut rugeegg og avlsdyr til medlemane. Frå 1923 fekk laget i gang Statens kontrollavlsstasjonFrogner Småbruksskule. Hovudvekta var lagt på nytterasar og økonomisk fjørfeavl.

Kjelder

  • Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.