Telemark Kreds av Hjemmenes Vels landsforbund

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Telemark Kreds av Hjemmenes Vels landsforbund blei stifta ved eit møte på Akkerhaugen i Sauherad den 29. juni 1928. Laget var ei lokalavdeling av Hjemmenes Vels landsforbund, i dag kalla Norges Kvinne- og familieforbund.

Ved møtet møtte det representantar frå fylgjande lag i krinsen:

Frå Hjemmenes Vel (Sauherad) prostinne Jervel og Ingeborg Jonsås, frå Hjemmenes Vel (Kragerø) Bredsdorf, frå Hjemmenes Vel (Skien) Kristoffersen og Koren Lund, frå Hjemmenes Vel (Rjukan) Olaussen og Madsen (kasserer), frå Hjemmenes Vel (Notodden) Iversen, Helga Bentsen og Maren Anderssen. Hjemmenes Vel (Porsgrunn), Hjemmenes Vel (Drangedal), Hjemmenes Vel (Kroken) og Hjemmenes Vel (Attrå) meldte forfall.

Arkiv

Arkivet etter Telemark Kreds av Hjemmenes Vels landsforbund er ordna ved Telemark Museum. Lenke til oppføring på arkivportalen.

Kjelder