Thiman Børlum: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Linje 19: Linje 19:
[[Kategori:Personer]]
[[Kategori:Personer]]
[[Kategori:Fotografer]]
[[Kategori:Fotografer]]
[[Kategori:Sauherad kommune]]
[[Kategori:Sauherad]]
[[Kategori:Midt-Telemark kommune]]
[[Kategori:Fødsler i 1853]]
[[Kategori:Fødsler i 1853]]
[[Kategori:Dødsfall i 1922]]
[[Kategori:Dødsfall i 1922]]
[[Kategori:Telemarksarkivet]]
[[Kategori:Telemarksarkivet]]

Sideversjonen fra 2. jan. 2020 kl. 15:25

Thiman Børlum.
Foto: Ukjend / Braaten, Torstein, Den gamle stulen : fotodokumentarisk skildring frå Sauherad kring hundreårsskiftet, Sauherad, 1978.

Thiman Børlum (fødd på Jonsrud i Sandsvær 23. desember 1853, død Notodden, 1922) var fotograf.

Børlum arbeidde i Sølvgruvene på Kongsberg, men i 1885 kom han ut for ei arbeidsulykke. Han måtte slutte i arbeidet, og fekk pensjon.

Han blei fyrste gong introdusert for eit fotoapparat då han traff to menn som hadde teke dette med seg frå Christiania. Børlum fatta raskt interesse for dette, og i 1902 reiste han til hovudstaden der han vitja fotograf Nerlien og kjøpte seg utstyr for 2000 kroner.

Børlum var glad i naturen, og mange av motiva er frå turar i Sauheradfjella. Fotosamlinga dokumenterer elles gardslivet i Sauherad, og dei fleste fotografia stammar frå perioden 1902-ca. 1915.

Då Børlum blei eldre flutte han til Notodden der han busette seg med nevøen Arne Saga. Han døydde i 1922, og blei gravlagd på Hedenstad kyrkjegard i Øvre Sandsvær.

200 fotografi blir oppbevart ved Telemark Museum.

Kjelder og eksterne lenker