Thomas Hermansen: Forskjell mellom sideversjoner

Linje 35: Linje 35:
Thomas Hermandsen var 34 år gammal då boka kom ut i 1887, på Nygaards forlag. Og det er ei forunderleg lita bok, ein serie skisser som heng meir eller mindre saman  – enkel nok å lesa, ein kjem lett gjennom ho – eit lite kunstverk på sitt vis. Her er det samtalane, snakket, som rår. Daglegdags pludring om praktiske ting, stundom kjem misunning til uttrykk. Handling er det ikkje stort av. Alt skjer på eit underliggjande plan, i det som ikkje vert sagt eller fortalt. Heile tida går det som ein beisk straum gjennom boka kor tomt livet eigentleg er. Stundom er forfattaren sjølv med – han er til stades i dette ”jeg-et” som innimellom dukkar opp.  

''Bygdeliv'' manglar ikkje samfunnskritikk – det er det som er hovudærendet til boka, viser det seg. Det får me med oss allereie frå første sida, det er bispevisitas og i prestegarden har ”dei fine” samla seg. (Her får me forresten eit pussig lite glimt av ein viss proprietær Olaf Nilsen, ein ”friskfyraktig” type av ein evigheitsstudent  – ”en saan upraktisk fyr, som snakker om alt muligt, en saan – ææ – idealist.” Er det proprietær [[C.P. Riis]] frå [[Nymark]] me møter her, mannen som skreiv songen om [[Anne Knutsdotter]]?) I blomstrande vendingar rosar bisp og prest kvarandre så det mest går over i det groteske, dei andre stemmer i og det heile får etter kvart eit mest fråstøytande preg.  
''Bygdeliv'' manglar ikkje samfunnskritikk – det er det som er hovudærendet til boka, viser det seg. Det får me med oss allereie frå første sida, det er bispevisitas og i prestegarden har ”dei fine” samla seg. (Her får me forresten eit pussig lite glimt av ein viss proprietær Olaf Nilsen, ein ”friskfyraktig” type av ein evigheitsstudent  – ”en saan upraktisk fyr, som snakker om alt muligt, en saan – ææ – idealist.” Er det proprietær [[Claus Pavels Riis]] frå [[Nymark]] me møter her, mannen som skreiv songen om [[Anne Knutsdotter]]?) I blomstrande vendingar rosar bisp og prest kvarandre så det mest går over i det groteske, dei andre stemmer i og det heile får etter kvart eit mest fråstøytande preg.  

Eller som i skildringa frå bryllaupet i lensmannsgarden, der alt dreier seg om pengar og eigedom og lensmannen fortel som den mest naturlege ting i verda korleis han nyleg har tuska til seg verdfulle aksjar frå ei godtruande enkje. Under dei daglegdagse samtalane ligg eit mønster av undetrykking og forakt.

Skribenter
1 575

redigeringer