Tingvoll kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Infoboks kyrkje Tingvoll kyrkjeTingvollNordmøre er ei steinkyrkje som vart bygd kring 1180 i romansk stil. Ho er ei av dei gamle steinkyrkjene som vart bygd i Noreg gjennom tidene som enno står og framleis er i bruk. Kyrkja og det store vinkelrette våningshuset i nærleiken, ligg på ein vakker plass på nordsida av Tingvollfjorden. I eldre tider var Tingvoll tingstad for Nordmøre og det er difor ikkje unaturleg at kyrkja vart bygd her. Veggene i kyrkja er opptil 1,8 meter tjukke og har gangar inni, både på nordsida og sørsida. Dei går i trappetrinn bratt opp til murkrona oppunder sperrverket og så like bratt ned igjen. Det er eit mysterium kvifor dei vart bygde. Likeeins ein balkong på utsida oppe under røstet i korgavlen. Kyrkja er rikt dekorert; frå målingane på veggene i våpenhuset, kalkmåleria i skipet til taket i koret med stjerner og halv-månar. I korveggen, bak toppen av altertavla er det innmura ein marmorstein med runeskrift. Denne innskrifta inneheld ei bøn og det ein trur er namnet på byggmeisteren: Gunnar. I 1928-29 vart kyrkja gjennom ein heller stor restaurering. Det noverande interiøret stammar i hovudsak frå 1600-talet. Kyrkja blir nokre gonger kalla Nordmørsdomen.

Bakgrunnsstoff


Creative Commons License Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Tingvoll kyrkje» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.
Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon.