Todneset: Forskjell mellom sideversjoner

Linje 19: Linje 19:

Såleis tok ein utgangspunkt i steinen som er reist midt i tufta. Ein såg på denne som eit altar. I

steinen finst det kalkapat-årar, og Heggland nemner at det skulle tyda på at steinen er ført frå ei av øyane ute i fjorden. Det er denne steinen som var det fysiske provet for at ein her kunne ha føre seg ein heilag stad, eit horg. Og ser me litt på samanhengen, meiner Heggland, vil me finna at Njord (saman med Tyr?) stundom vart dyrka ved heilage, kvite steinar.  
steinen finst det kalkapat-årar, og Heggland nemner at det skulle tyda på at steinen er ført frå ei av øyane ute i fjorden. Det er denne steinen som var det fysiske provet for at ein her kunne ha føre seg ein heilag stad, eit horg. Og ser me litt på samanhengen, meiner Heggland, vil me finna at Njord (saman med Tyr?) stundom vart dyrka ved heilage, kvite steinar. [[Fil:Utgraving todnes 1915 bilete 1.jpg | Frå utgravinga i 1915. Foto: Lokalhistorisk arkiv i Tysnes |thumb]]

Horg-omgrepet har såleis følgd anlegget frå første stund. Det var fleire enn de Lange og professor Haakon Shetelig (1877 - 1955) som støtta opp under horg-teorien. Ein av de ivrigaste talsmennene for dette var Magnus Olsen. Han var rett nok korkje arkeolog eller historikar, men filolog - professor i gammalnorsk og islandsk språk og litteratur ved Universitetet i Oslo 1908-48. Olsen arbeidde særleg med runer, stadnamn og religionshistorie. For mange var han ein leiande autoritet. Olsen hevda at det fanst minst seks hundre stader i landet som hadde fått namn etter dei gamle gudane. Den radikale språkforskaren Eivind Vågslid er ikkje nådig i omtala av denne tankegangen, av "den vranglæra, den ovtru og den skynløysa som i stor mun hev rått i norderlendsk stadnamngransking, den vranglæra som vart grunnlagd av P.A. Munch, den ovtru som serleg vart nørd med det ville og røyndlause tankespinnet åt Magnus Olsen."

Skribenter
1 575

redigeringer