Todneset

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Dette biletet er teke sist det var sol på Todnes, 22. desember - 2001. Her ser ein tydeleg korleis solstrålene treff haugen på Todnes. Det heile varer berre nokre få minutt. Foto: Svein Ove Agdestein

Todneset er eit nes på Tysnes-halvøya ved innseglinga til Våge, i Tysnes kommune. Her finst det ein lokalitet som ein tidlegare meinte var eit horg, men som ein i dag tolkar som eit gravminne. Staden er også senter for eit solvervfenomen som manifesterar seg ved vintersolverv 22. desember. På staden står det også ein bautastein som er datert til jernalder. Sjølve området ser ut til å ha vore eit religiøst senter langt tilbake i tid, og har vore kyrkjestad sidan mellomalderen. Her stod Tysnes kyrkje, som i 1906 vart flytta over sundet til Gjerstad i Tysnes.

Utgraving og seinare undersøkingar

Anlegget på Todneset vart gravd ut i 1915. Røysa ligg øvst på Todneset i dyrka mark, 25 m opp frå sjøen. Frå røysa skrår terrenget ned mot sjøen i sør-søraust og ei vik i nord-nordvest. Framfor røysa i vest finst ei flate som går over i knausar ved sjøen. Det er fritt utsyn over fjorden mot Våge i vest og mot Bjørnafjorden i nordvest. Røysa er 20 m i diameter og kring 1.5 m høg. Ho er heilt tilvakse med gras, men enkelte 20 - 40 cm store steinar/blokker stikk fram i dagen her og der. I sentrum av røysa er det eit stort søkk etter utgravingar (gjort av Eyvind de Lange i 1915 og Jacob Kvalvaag i 1965).

Her ser ein tydeleg "altaret" som kom fram under utgravinga i 1915. Foto: Lokalhistorisk arkiv i Tysnes

I 1915 vart det funne ei hellekiste som målte 25 - 35 cm, 3 m frå nordre kant, utan dekkhelle. Kol og brende bein fanst på ei helle ein annan stad i røysa. Midt i røysa ligg i dag ei 2.7 m x 2.7 m vid oppmuring bygd av 50 - 75 cm store heller i to skift. I det søraustre hyrnet er ein mura pall, 1.5 m (nord-sør) x 1.2 m (aust-vest), som er lagt opp av 60 cm store heller. Det firkanta rommet var fylt av stein, og på golvet fanst svart jord med dyrebein, østersskjel og blåskjel.

Røysa er tydeleg og syner godt att i terrenget. Ved utgravinga i 1915 vart det funne ein kniv,klinknaglar, jern, bryne, dyrebein og skjel. Haugen inneheldt inga grav, skriv de Lange i 1918, men viste seg å dekka over ruinane av ein liten bygning av stein og jord. Det indre målet på rommet var 2.10 x 2.10 m, og innvendig stod murane med ei høgd på opptil 65 cm. I det søraustre hyrnet av rommet var det murt ei forhøging.

Solkvervfenomen

Skisse som illustrerar solkvervfenomenet. Foto: Knut Rage

På Todneset er det registrert eit solkvervfenomen ved vintersolkverv. Det er det einaste kjende fenomen av dette slaget her i landet, forutan Karnilshaugen i Gloppen i Sogn og Fjordane. I prinsippet er det liten skilnad på haugen i Gloppen og konstruksjonen på Todneset. Sant nok er anlegget her mykje mindre, men plasseringa og fenomenet med at sola skin rett på staden ved vintersolkverv er den same. Kor mange slike stader som finst kringom i Noreg er det vel ingen som veit. Det har med å gjera at dette dreier seg om eit fenomen som har vore lite påakta mellom historikarar og arkeologar. I dei seinare åra har arkeoastronomi utvikla seg til ei omfattande og anerkjend vitskapsgrein. Men ein slik tankegang var ukjend for det fagmiljøet som i si tid granska t.d. anlegget på Todneset. Det var først for nokre år sidan at tekn. konservator ved Bergen Museum, Svein Ove Agdestein, ved eit slumpetreff kom til å observera det spesielle solfenomenet eit par dagar før jul, då han la merke til at ettermiddagssola som dukka opp bak Dallandsfjellet i vest, ein liten kilometer unna, skein direkte på staden der anlegget ligg og ingen andre stader. Sola forsvinn frå heile Tysneset (garden og alt inkludert) for så etter om lag 20 minutt å koma att - men då for å lysa på berre gravhaugen (og sjølvsagt ei smal stripe bak denne).

Diskusjonen kring anlegget

Den faglege diskusjonen kring anlegget strekkjer seg over mest heile 1900-talet, frå dei første konklusjonane ca. 1916, via 1930-talet og 1960-talet - og er enno ikkje er fullført.

Det vart relativt tidleg slått fast at ein måtte ha med eit horg å gjera. Rett nok later det til at de Lange sjølv unngjekk å nytta dette omgrepet, sjølv om den danske museumsinspektør Olaf Olsen i eit brev til Per Fett frå 1965 skriv om "Langes hørg" og "den Langeske-Sheteligske hørg-teori". Allereie i Bergen Museum si "Beretning 1915-1916" vert det slege fast at "cand. Eyvind de Lange har fortsat sin antikvarisk-topografiske undersøkelse av Tysnesøen i Søndhordland og har derunder utgravet en haug ved Tysnes kirke, hvor det fremkom meget eiendommelige fund som tyder paa en hedensk offerplass".

Såleis tok ein utgangspunkt i steinen som er reist midt i tufta. Ein såg på denne som eit altar. I

steinen finst det kalkapat-årar, og Heggland nemner at det skulle tyda på at steinen er ført frå ei av øyane ute i fjorden. Det er denne steinen som var det fysiske provet for at ein her kunne ha føre seg ein heilag stad, eit horg. Og ser me litt på samanhengen, meiner Heggland, vil me finna at Njord (saman med Tyr?) stundom vart dyrka ved heilage, kvite steinar.

Frå utgravinga i 1915. Foto: Lokalhistorisk arkiv i Tysnes

Horg-omgrepet har såleis følgd anlegget frå første stund. Det var fleire enn de Lange og professor Haakon Shetelig (1877 - 1955) som støtta opp under horg-teorien. Ein av de ivrigaste talsmennene for dette var Magnus Olsen. Han var rett nok korkje arkeolog eller historikar, men filolog - professor i gammalnorsk og islandsk språk og litteratur ved Universitetet i Oslo 1908-48. Olsen arbeidde særleg med runer, stadnamn og religionshistorie. For mange var han ein leiande autoritet. Olsen hevda at det fanst minst seks hundre stader i landet som hadde fått namn etter dei gamle gudane. Den radikale språkforskaren Eivind Vågslid er ikkje nådig i omtala av denne tankegangen, av "den vranglæra, den ovtru og den skynløysa som i stor mun hev rått i norderlendsk stadnamngransking, den vranglæra som vart grunnlagd av P.A. Munch, den ovtru som serleg vart nørd med det ville og røyndlause tankespinnet åt Magnus Olsen."

For Tysnes sin del har Magnus Olsen sine stadnamntolkingar hatt stor tyding. Ein kan - om enn sett på spissen - gjerne seia det slik at heile det omfattande prosjektet "gudeøya Tysnes" er tufta på arbeidet hans.

Dermed stilna diskusjonen av fram til 1964. Då skreiv den danske museumsinspektør Olaf Olsen til sin gode kjenning førstekonservator Per Fett ved Bergen Museum og bad om nærare opplysningar om "en formodet hørg i Tysnes" til ei avhandling om heidenske kultplassar i vikingtida som han arbeidde med på denne tida. I svarbrevet frå Fett går det tydeleg fram at han er meir enn skeptisk til horg-teorien. "Men en kultplass må det da være, hva ellers? Men kaller en det for horg, sier en vel mer enn en kan stå ved. Jeg bare minner om det du vet at ordet etymologisk skal bety steinrøys (sml. "hele hurven" = "hele haugen" = alle sammen), men Voluspå taler om at gudene tømret horg og hov. Men så kom altså denne kultplassen på Tysnes frem i en røys."

Olsen peikar på at golvplassen er minimal. Kvifor ikkje heller eit gravkammer? konkluderer han med. Eit problem er at eit gravkammer, eller ei grav, av denne storleiken er ukjend på desse kantar. På den andre sida peikar Fett på at lokaliseringa på toppen av ein knaus er ein typisk stad for ei gravrøys. Derimot "underleg" for ein kultplass. "Men så har vi bare subjektivt skjønn å holde oss til når vi skal dømme om et kultsted er underlig eller ikke."

Der stoppa diskusjonen. Ettergravinga i 1965 førte ikkje til noko nytt resultat. Olsen konkluderer med at det dreier seg om eit kammer: Må jeg sige dig ret så hjertelig tak for dit brev af 19.ds. med Jakob Kvalvaags indberetning om eftergravningen på de Langes "hørg" i Tysnes. Jeg har naturligvis lest den med overordentlig stor interesse. Især var det vigtigt for mig at erfare, at "hele konstruktionen ved vest-muren gav det indtryk, at muren måtte være lagt op samtidig med højfylden som støtte for denne ind mod det lille "kammer". Dette forhold - som jo kunne anes på et af de Langes fotografier - gør det klart, at "kammeret" virkelig er et kammer og ikke har en fortid som selvstændigt hus, og hermed skulle den de Langeske-Sheteligske hørg-teori være langet et afgørende stød.

Tolking av namnet Todneset

Stadnamnet Todnes finn ein også i Lyngdal, og på Færøyane. Nokre har peikt på at Todneset, der anlegget ligg, kjem av norrønt "tjod", dvs. folk, eller rettare ein samlingsstad (for folk). Ei vel så rimeleg forklaring er den som O. Rygh peikar på, nemleg at viss me samanliknar Tod- med Tot- (som t.d. i Totland) så står eit namn som Totland for "Tor sitt land" - det kan vera eit mannsnamn eller guden Tor. Eivind Vågslid har ei anna tolking. Han skriv (i "Norderlendske fyrenamn") at ordet "toddi" på gno. tyder "eit lite stykke".

Eit anna interessant moment er at det finst fleire stader på Færøyene som heiter Todnes, og det går også att i England (Devon) der ein finn både Totnes og Totland som opplagde far frå norrøn tid. På Færøyene er det tre stader som heiter Todnes. Her har stadnamngranskarane tolka leddet "tod" som "torv", altså Torvneset. Sjølv om det er mogleg at busettinga på Færøyene kan gå lengre attende er det ikkje gjort funn her før vikingtid. Det tyder at namnet Todnes opplagt er norrønt, og at det kan ha vore eit relativt vanleg stadnamn i den norrøn kulturen.

Bautasteinen på Todneset

Bautasteinen på Todneset, ca. 10 m frå utgravingsstaden. Foto: Knut Rage

Like i nærleiken av anlegget står det ein bautastein, datert til jernalderen. Neumann (1826) og Kraft (1830) seier at steinen var seks alen lang, dvs. ca. tre meter. Breton (1835) veit å fortelja at lengda var "nine feet", og at steinen stod midt i ein stor steinring. Dette med steinringen er ein interessant opplysing. På Jylland i Danmark finst det ein steinring som er tolka som at den har markeringar for sikte til soloppgang ved jamndøger og vintersolkverv.

Seinare hamna steinen nede i fjæra nedanfor den gamle prestegarden på Tysnes. Det var først i 1991 at steinen vart henta opp frå sjøen og plassert der den står i dag (av tekn. konservator Svein Ove Agdestein ved Bergen Museum). Ettersom bautasteinen vert rekna til jernalderen kan den vera av nyare dato enn anlegget som er omhandla i denne artikkelen. Eller kan heile staden, med steinanlegget og bautasteinen, ha vore ein kultplass gjennom lange tider, eller i det minste ein gravplass - og at dette speglar seg av i namnet Todneset - samlingsstaden? Spørsmåla er atskilleg fleire enn det finst svar.

Kjelder og litteratur

Det er nytta ei rekkje ulike kjelder til denne artikkelen. Men eg skuldar først og fremst ein stor takk til tekn. konservator Svein Ove Agdestein for råd og informasjon og praktisk hjelp. Det sistnemnde har eg også fått frå Arild Hauge, Århus og Sarah McLean, Kirkwall.

  • Knut Rage i samarbeid med Svein Ove Agdestein: Det førhistoriske anlegget på Todneset - horg, gravkammer eller ein kultplass for soldyrking? Sogeskrift for Tysnes, 2007. Artikkelen finst også på nett
  • Johannes Heggland: Tysnes, det gamle Njardarlog 1964
  • O. Rygh: Norske Gaardnavne (opphavl. frå 1897, elektronisk versjon)
  • Eivind Vågslid: Stadnamntolking II (1974) og Norderlendske fyrenamn (1988)
  • Arild Hauge: Arild Hauges runer www.arild-hauge.com
  • Herm M. Schirmer: Horg og hov, 1906
  • Per Fett: Tysnes prestegjeld i serien Førhistoriske minne i Sunnhordland, 1954
  • Bergen Museum Beretning 1915-1916
  • Kvalvaag rapport om ettergraving sept 1965 (Bergen Museum)
  • Rapport om bautasteinen på Todneset 1991 (Bergen Museum)
  • Samling av brev vedk. anlegget på Todneset (Bergen Museum)