Tohjulingar og spesialmaskiner i landbruk og hagebruk
Denne sida - Tohjulingar og spesialmaskiner i landbruk og hagebruk er meint som eit dugnadsprosjekt i tråd med tanken bak nettstaden lokalhistoriewiki.no. Særleg i tiåra etter krigen - da motoriseringa av landbruket starta for fullt - har det eksistert eit stort antal slike maskiner, og mange av dei gjekk igjennom ei utvikling med mange forbetringar. Det kan dermed finnast mange typar slike maskiner. I dag er det ikkje så mange av dei som er i aktivt bruk, men dei kan stå att i låvar og skur og vere ukjente for yngre generasjonar.
I dette stykket er det starta opp ein faktaboks for nokre merke/produsentar av slike maskiner med biletgalleri under kvar boks. Ferdig boks for nye merke/maskiner til kopiering ligg i botnen på stykket.
Oppfordring: Gå ut å sjå på di maskin, les merkeplata, spesielt på motoren og last inn på rett maskin. Kan nokon av tidlegare importørar og forhandlarar hjelpe til vil her bli veldig mykje nyttig informasjon til entusiastane som held mange av desse maskinene i gang. Ta bilde av maskiner som du ser manglar og last opp i wikien og lenk til galleri under rett merke.
Startstykka Motorslåmaskina og Tohjulstraktoren er skrivne tidlegare, sjå etter feil og rett i stykka. Det er vel mest dei norske produsentane av redskap/utstyr til tohjulingar og spesialmaskiner det er vanskelegast å finne historia til. Ynskjer oss alle lukke til.
OBS: Ver merksam på dette ved oppstart av desse gamle maskinene: For to-takts-motor: Oljeblanda bensin blir fort for gammal og må skiftast før start. For maskiner fram til ca. 1960, 5 % olje i bensin, vidare til ca. 1975, 4 % olje i bensin, seinare går det bra med ferdigblanda 2 %. For fire-takts-motor: Er laga for blybensin, må ha bensintilsetjing (Millenium/Shell) eller lignande for å unngå skade på ventilar.
Kategoriar for tohjulingar og spesialmaskiner i jordbruk og hagebruk
Ttr. Tohjulstraktor: Tohjuling med to hjul på ein aksel på tvers av framdriftsretninga. Traktor kan den kallast av den grunn at den har eigen forbrenningsmotor og roterande kraftuttak (PTO), oftast i begge endar av girkassa og med motor så høgt på maskina at kraftuttakssaksel går under motor. PTO kan køyrast både når traktoren har framdrift og når traktoren står i ro.
Msl. Motorslåmaskin: Tohjuling med to hjul på ein aksel på tvers av framdriftsretninga. Motorslåmaskina har eigen forbrenningsmotor. Motorslåmaskin har ingen roterande kraftuttak (PTO), berre ”slåttesnut” med fram- og tilbake-gåande rørsle som driv kniven på slåtteapparatet. (Mange Universalmaskiner blir kalla Motorslåmaskiner av den grunn at dei hovedsakeleg går med slåtteapparat).
Unm. Universalmaskin: Tohjuling med to hjul på ein aksel på tvers av framdriftsretninga. Universalmaskina har eigen forbrenningsmotor og roterande kraftuttak (PTO) i motsett ende av girkassa i høve til forbrenningsmotoren. Den har ”greide”/styreinnretning med innfesting i sentrum/balansepunktet til maskina utan påhengt redskap. ”Greide” kan løysast på enkel måte og vendast med girkassa som sentrum til bruk der det passar best i høve til påkobla redskap. Mange av maskinene har lik fart i begge retningar.
Spm. Spesialmaskiner: Døme: ”Hakkaspette”, ”Hoppetusse”, ”Komprimator”, ”Staurholmaskin”. Stort sett ei ”Universalmaskin” som har misst hjula og forbrenningsmotoren driv redskapen direkte (redskap som ofte har ein storebror (eller syster) som er montert på ”Universalmaskin” og der kan forflyttast på hjul).
Trs. Transporterar: Døme: ”Lastebiltype”, små midjestyrte og ”strekte” "tohjulingar" med to eller fleire akselar. Oftast med styresnekke og ratt, men og med hydraulisk spakstyring.
Re. Redskap: Døme: Tilhengar, frontvogn, kardangvogn, roterande horv, vinsj, snøfres,
Forklaring til kolonnene i boksane
- Kolonne 1. Namn/type/kategori: Her skriv ein inn namnet og type på maskina.
- Kolonne 2. År i produksjon: Gjeld byggeår eller produksjonsperiode.
- Kolonne 3. Motor / typenr / HK: Namn, byggeår, -stad og hestekrefter
- Kolonne 4. Redskap: om det er / har vore slåtteapparat, tilhengar, kardangvogn, osv.
- Kolonne 5. Importør, gjerne med lenke til firmaomtale
- Kolonne 6. Andre opplysningar om maskina
AEBI
Produksjonsland: Sveits. Høg kvalitet på dei dyre maskinene.
1. Namn/type | 2. År i produksjon | 3. Motor/typenr/HK | 4. Redskap | 5. Importør | 6. Andre opplysningar |
---|---|---|---|---|---|
AEBI AM 10/Unm | ca.1952 - 1975 | MAG 1020 SRB X 80 5 HK 2T | Fingerbjelke, jordfres, tilhengar | Agr: Knut Skurtveit L/L, Bergen 1954-ca. 2000 | Ikkje clutch-handtak, har "sentrifugalkobling" mellom motor og girkasse |
AEBI AM 10/Unm | MAG 1026 SRL X ??? 4T | Fingerbjelke, jordfres, tilhengar | Agr: Knut Skurtveit L/L, Bergen 1954-ca. 2000 | Ikkje clutch-handtak, har "sentrifugalkobling" mellom motor og girkasse | |
AEBI AM 15/Unm | MAG 1026 SRL X 55 4T | Fingerbjelke, jordfres, tilhengar | Agr: Knut Skurtveit L/L, Bergen 1954-ca. 2000 | Ikkje clutch-handtak, har "sentrifugalkobling" mellom motor og girkasse | |
AEBI AM 8/Msl | MAG 1026 SRL X ??? 4T | Universalbjelke | Agr: Knut Skurtveit L/L, Bergen 1954-ca. 2000 | ||
AEBI AM 52/Msl | MAG ???? X ??? 7 HK 2T | Fingerbjelke, tilhengar | Agr: Knut Skurtveit L/L, Bergen 1954-ca. 2000 | ||
AEBI AM 53/Ttr | MAG ???? X ??? 9 HK 4T | Fingerbjelke, jordfres, snøfres, tilhengar, frontvogn, kardangvogn | Agr: Knut Skurtveit L/L, Bergen 1954-ca. 2000 |
Bilde av AEBI
AGRIA
Produksjonsland: Vest-Tyskland. Høg kvalitet på dei dyre maskinene.
Venneside:http://www.viiagria.no/phpBB3/search.php?search_id=newposts
1. Namn/type | 2. År i produksjon | 3. Motor/typenr/HK | 4. Redskap | 5. Importør | 6. Andre opplysningar |
---|---|---|---|---|---|
AGRIA 1300/Msl | ca. 1950 - 1954 | ILO 5 HK 2T | Fingerbjelke 1,3 M | Reinhart, Kristiansand | Type 1300 hadde ikkje revers. Venstre "bremsehandtak" på styret var frigir, høgre handtak clutch. Maskina måtte dragast/trillast bakover med handemakt. |
AGRIA 1300R/Msl | 1954 - | ILO 5 HK 2T | Fingerbjelke 1,3 M | Reinhart, Kristiansand | R = revers. Med to-taktsmotor kan ein fortsetje slåtten lenge etter at maskiner med 4-taktsmotor er havarert. Påstand: Dette er den mest slitesterke motorslåmaskin som har vore innom bratte bakkar i landbruksnoreg. |
AGRIA 2300/Msl | ???? - ???? | NSU ? HK 4T trykksmurd | Universalbjelke | Reinhart, Kristiansand | NSU-4-takts-motoren går makelaust fint. Grunna trykksmørjeststemet toler den lite sidehalling (i høve til 2-taktaren) før den misser oljetrykket og havarerer. |
AGRIA 0300/Msl | |||||
AGRIA 300/Msl | |||||
AGRIA 1700/Unm | |||||
AGRIA 1800/Unm | |||||
AGRIA DROTT/Ttr | |||||
AGRIA BASEN/Trs | |||||
AGRIA GROM BASEN/Trs | HATZ 12 ? HK diesel | ||||
AGRIA SKOGS BASEN/Spm |
Bilde av AGRIA
BMB
Produksjonsland: Storbritania.
1. Namn/type | 2. År i produksjon | 3. Motor/typenr/HK | 4. Redskap | 5. Importør | 6. Andre opplysningar |
---|---|---|---|---|---|
Bilde av BMB
BUCHER
Produksjonsland: Sveits. Høg kvalitet på dei dyre maskinene.
1. Namn/type | 2. År i produksjon | 3. Motor/typenr/HK | 4. Redskap | 5. Importør | 6. Andre opplysningar |
---|---|---|---|---|---|
BUCHER RECORD 2 | |||||
BUCHER RECORD 3 | |||||
BUCHER KT 10 | |||||
BUCHER K 2 | |||||
BUCHER K 3 | |||||
BUCHER K 4 | |||||
BUCHER K 5 | |||||
BUCHER K 55/Ttr | |||||
BUCHER M 600 | |||||
BUCHER M 700 | |||||
BUCHER M 700 S | |||||
BUCHER M 100 | |||||
BUCHER M 200/Msl | MAG 1026 SRL X 241 6 (?) HK 4T | ||||
BUCHER M 200/Msl | MAG 1026 SRL X 242 7 (?) HK 4T | ||||
BUCHER M 300 | |||||
Bilde av BUCHER
MOTO STANDARD / GUTBROD
Produksjonsland: Sveits ??. Høg kvalitet på dei dyre maskinene.
1. Namn/type | 2. År i produksjon | 3. Motor/typenr/HK | 4. Redskap | 5. Importør | 6. Andre opplysningar |
---|---|---|---|---|---|
GUTBROD | |||||
MOTO STANDARD |
Bilde av MOTO STANDARD / GUTBROD
RAPID
Produksjonsland: Sveits. Høg kvalitet på dei dyre maskinene.
1. Namn/type | 2. År i produksjon | 3. Motor/typenr/HK | 4. Redskap | 5. Importør | 6. Andre opplysningar |
---|---|---|---|---|---|
RAPID REX/Msl | 1952 - | Briggs & Stratton (svart) 5 HK 4T | Fingerbjelke, skubberive, tilhengar | LOG/AS Kullberg & Co/Arstad & Konglevoll/AK Maskiner | |
RAPID REX/Msl | Briggs & Stratton (grå) 6 HK 4T | Fingerbjelke, skubberive, tilhengar | AS Kullberg & Co/Arstad & Konglevoll/AK Maskiner | ||
RAPID REX/Msl | MAG 1026 SRL X ??? 5 HK 4T | Fingerbjelke, skubberive, tilhengar | AS Kullberg & Co/Arstad & Konglevoll/AK Maskiner | ||
RAPID REX/Msl | MAG 1026 SRL X 42 6 HK 4T (forgassar rørform begge endar) | Fingerbjelke, universalbjelke, skubberive, tilhengar | Arstad & Konglevoll/AK Maskiner | ||
RAPID 208/Msl | MAG 8 (?) HK 4T | Universalbjelke, skubberive | AK Maskiner | ||
RAPID UNIVERSAL/Unm | |||||
RAPID/Ttr | MAG ???? SRL X ??? 9 HK 4T | ||||
RAPID SUPER/Ttr | MAG ???? SRL X ??? 12 HK 4T | ||||
RAPID DIESEL/Ttr | MAG ???? S?? X ??? 10 HK | ||||
RAPID 101/Msl | MAG 1026 SRL X ??? ? HK 4T | ||||
RAPID 201/Msl | MAG 1026 SRL X ??? ? HK 4T | ||||
RAPID 606/Ttr |
Bilde av RAPID
MASKIN (legg inn andre maskiner i tabellane herfrå og ned)
1. Namn/type | 2. År i produksjon | 3. Motor/typenr/HK | 4. Redskap | 5. Importør | 6. Andre opplysningar |
---|---|---|---|---|---|
Bilde av MASKIN
MASKIN
1. Namn/type | 2. År i produksjon | 3. Motor/typenr/HK | 4. Redskap | 5. Importør | 6. Andre opplysningar |
---|---|---|---|---|---|
Bilde av MASKIN
MASKIN
(STOPP ! Bruk denne til og med bildegalleri og med |} til mal for neste maskinmerke).
1. Namn/type | 2. År i produksjon | 3. Motor/typenr/HK | 4. Redskap | 5. Importør | 6. Andre opplysningar |
---|---|---|---|---|---|
Bilde av MASKIN
MOTORAR TIL TOHJULINGAR OG SPESIALMASKINER
BASCO-Briggs and Stratton & Co
1. Type | 2. År i produksjon | 3. HK | 4. Forgassar | 5. Tenningssystem | 6. Andre opplysningar |
---|---|---|---|---|---|
Bilde av BASCO-motor
MAG
1. Type | 2. År i produksjon | 3. HK | 4. Forgassar | 5. Tenningssystem | 6. Andre opplysningar |
---|---|---|---|---|---|
1017 SRL | |||||
1020 SRB X 80 | 5 HK 2T | Står i: AEBI AM 10 | |||
1026 SRL X 42 | 6 HK 4T | Står i: RAPID REX ei periode | |||
1026 SRL X 55 | 6 eller 7 HK 4T | Står i: AEBI AM 15 | |||
1026 SRL X 148 | 7 HK 4T | Står i: AEBI AM 8 | |||
1026 SRL X 241 | 6 (?) HK 4T | Står i: Bucher M 200 ei periode | |||
1026 SRL X 242 | 7 HK 4T | Står i: Bucher M 200 ei periode | |||
1029 SRL | |||||
1040 SRL | |||||
1045 SRL |
Tekniske data og reparasjonsinfo kan førebels leggast som bilde i relativt nyttig rekkefylgje. Det eksisterte nokre bretta A 3-ark med fire A 4-sider som var til stor hjelp i tillegg til instruksjonsbøkene. Spesielt for MAG er at registermerka skal ikkje stå rett på kvarandre, men ha to, tre eller fire tenner avvik etter typenr (demonter forsiktig og tru det augene fortel deg). Skal sjå om eg finn det og laste opp som bilete.
Bilde av MAG-motor
Kjelder og informantar
- Ved opplasting. Informasjon etter hugsen til startstykkeskrivaren
Referansar
Litteratur
- Jensen, Arnulf: Tohjulingar i landbruket 2002. Landbruksforlaget
- Jensen, Arnulf: Veterantraktorer i Norge 2003. Landbruksforlaget