Tokke historielag

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 4. mai 2022 kl. 12:12 av Kallrustad (samtale | bidrag) (Råtekst fra 2019-undersøkelsen)
Hopp til navigering Hopp til søk

Tokke historielag er eit historielag i Tokke kommune i Telemark. Laget har gjeve ut årsskrift siden 1980.

Submitted 14.01.2020 16.50.58 Tokke Historielag Status Date 1. Lagets navn 2. Eventuelle tidligere navn 3. Stiftelsesår/dato 4. Lagets ledere, fra oppstart til nå 5. Andre viktige personer, samt begrunnelse Interimstyre sept.1978, fyrste ordinære styre valt 31.05.1979 Olav Grimdalen (1902-1998) tok initiativet for å skipe lokalt historielag Meir om Grimdalen under punkt 5. Leiarar i laget har vore: Olav Grimdalen 1979- 1992 Arne O. Lie 1993-1996 Bjørn Andersson 1997-1998 Laget fekk ikkje valt leiar, men desse fungerte: Sigrun Lie Brattekås 1999 og 2001 og 2002. Tarjei Førstøyl 2000 Bjørn Andersson 2003-2006 Dagfinn Midtbø 2007-2013 Einar Heggtveit 2014-2015 Gunnar Grøstad Johnssonfrå 2016. Vil her nemne: Olav Grimdalen f.15.07.1902 d. 16.08.1998, Då Grimdalen tok initiativ til å skipe Historielag i heimkommunen Tokke var han 76 år gamal, og var leiar i laget ut 1992, bad då om avløysing 90 år gamal. I eit innlegg i lokalavisa 23.01.1979 skreiv Grimdalen m.a: "Sist i november (1978) vart det halde ei "stormønstring" av historielag for den syndre delen av landet på Bø Hotell. Samkoma vart skipa til av Landslaget for Bygde- og Byhistorie saman med Norsk Lokalhistorisk Institutt. Interessa for kurset synte seg å vera svært stor. Ikkje alle kunne få plass." Grimdalen var ferdig utdanna lærar i 1924. Tok seinare eksamen artium som privatist og las ein del på universitetet i Oslo. Ulike lærarpostar, men frå 1934 lærar i heimkommunen Mo. Frå 1953 til 1964 skuleinspektør i Mo kommune, og frå 1964 skuleinspektør/skulesjef i Tokke kommune fram til 1972. Medlem av Noregs Måldyrkingslag frå 1959. I fleire periodar med i formannskap og kommunestyre. Grimdalen var leiar i Mo bygdeboknemnd gjennom mange år. Fyrst i 1984 vart det tilsett bygdesogeskrivar for tidlegare Mo kommune og 2 bygdebøkar (Gard og ætt) kom ut i 1989. Grimdalen hadde oppgjennom åra samla mykje stoff om kulturlivet i Mo og starta opp og skreiv Kultursoga for Mo som kom ut i 2 bind i 1996, då var Grimdalen 94 år. Grimdalen fekk Kongens fortenestemedalje i sylv i 1972, og gull i 1982. Grimdalen skreiv gjennom åra mange dikt og prologar og mange vart trykt i ulike aviser og tidsskrift. 6. Formålsparagraf/målsetting I lovane for Historielaget heiter det i § 2: Føremålet til laget er: a) Å arbeide for at alt av historisk interesse innan kommunen vert teke vare på og verna om. b) Å vekkje, auke og spreide interesse for og kunnskap om Tokke kommune. 7. Eventuelle tidligere formålsparagrafer 8. Medlemstall 9. Utviklingen av medlemstall Variera litt, men pr. 31.12.2019 151 medlemer. Har vore nokolunde stabilt, men strevar litt med å få med yngre personar. 10. Annen nyttig informasjon (endringer i organisasjonen, perioder med inaktivitet etc.) 11. Hva har vært hovedaktiviteten til laget? 12. Hvilke publikasjoner har laget utgitt? Hovudaktiviteten har vore å oppfylle målsettinga om å gjeva ut eit årleg årsskrift. Årlege Årlege årsskrift frå 1980 og fram til 2019. Arbeidet med utgåva for 2020 er i gang. Elles har Historielaget gjeve ut desse bøkane i tillegg: "Me ville vere med" (Om den lokale mostandsrørsla under krigen 1940/45) Eige bok om Botnedalen. Støylsdal med mykje historiel.' Eige bok om Dalsmarken. (Årleg tradisjon om lokal marknad, med myrkje foto m.a. av Harald Kihle. Eige bok om Dalen og Dalen Hotel. Nei 13. Har/drifter laget digitale ressurser? (Bildesamlinger på nett, wikier e.l.) 14. Øvrig historikk (viktige arrangement, prosjekt, merkeår)


Eksterne lenker