Tokke historielag
Tokke historielag er eit historielag i Tokke kommune i Telemark. Eit interimsstyre byrja arbeidet i september 1978, men det fyrste ordinære styret vart valt 31. mai 1979. Laget har gjeve ut årsskrift sidan 1980.
I 2019 hadde historielaget 151 medlemer. Medlemstalet har vore nokolunde stabilt, men ein strevar litt med å få med yngre personar.
Lovar
I lovane for historielaget heiter det i § 2: «Føremålet til laget er: a) Å arbeide for at alt av historisk interesse innan kommunen vert teke vare på og verna om. b) Å vekkje, auke og spreide interesse for og kunnskap om Tokke kommune».
Leiarar
- Olav Grimdalen 1979-1992, tok også initiativet til å skipe historielaget, sat som leiar til han var 90 år gammal.
- Arne O. Lie 1993-1996
- Bjørn Andersson 1997-1998
- Sigrun Lie Brattekås (fungerande leiar 1999, 2001 og 2002)
- Tarjei Førstøyl (fungerande leiar 2000)
- Bjørn Andersson 2003-2006
- Dagfinn Midtbø 2007-2013
- Einar Heggtveit 2014-2015
- Gunnar Grøstad Johnsson 2016-
Hovudaktivitetar/publikasjonar
Hovudaktiviteten har vore å oppfylle målsettinga om å gjeva ut eit årleg årsskrift. Dette har kome ut kvart år frå 1980. Elles har Tokke historielag gjeve ut desse bøkene:
- Aabø, Arne T.: Var det kje moro? blenk frå soga til idrottslaget Teledølen i Lårdal. Utg. Tokke historielag. 2003. 40 s. Særprent av årsskriftet til Tokke historielag 2003.
- Broe, Unni: Under tak i Tokke : sluttrapport frå kulturminneregistreringane i Tokke. Utg. Tokke kommune, Tokke historielag. 1986. 182 s.
- Dalen og Dalen hotel : festskrift ved Telemarkkanalens 100-års jubileum : 1892-1992. Utg. Tokke historielag. 1992. 109 s. ISBN 8299119723. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Hedlund, Gerhard (red.): Folk og gamp : hestemarken på Dalen. Utg. Tokke historielag. 1990. 93 s. ISBN 8299119715. Digital versjon på Nettbiblioteket
Kjelder og litteratur
- Opplysningar frå laget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).
Eksterne lenker
- Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
- Tokke kommune, Tokke historielag på Digitalt museum.
- Tokke kommune, Tokke historielag på KulturNav
- Historielaget på Facebook