Tokke historielag

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 4. mai 2022 kl. 12:34 av Kallrustad (samtale | bidrag) (grovredigering)
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Tokke historielag er eit historielag i Tokke kommune i Telemark. Eit interimstyre byrja arbeidet i september 1978, men det fyrste ordinære styre vart valt 31. mai 1979. Laget har gjeve ut årsskrift sidan 1980.

I 2019 hadde historielaget 151 medlemer. Medlemstalet har vore nokolunde stabilt, men ein strevar litt med å få med yngre personar.

Lovar

I lovane for historielaget heiter det i § 2: «Føremålet til laget er: a) Å arbeide for at alt av historisk interesse innan kommunen vert teke vare på og verna om. b) Å vekkje, auke og spreide interesse for og kunnskap om Tokke kommune».

Leiarar

  • Olav Grimdalen 1979-1992, tok også initiativet til å skipe historielaget, sat som leiar til han var 90 år gammal.
  • Arne O. Lie 1993-1996
  • Bjørn Andersson 1997-1998
  • Laget fekk ikkje valt leiar, men desse fungerte: Sigrun Lie Brattekås 1999 og 2001 og 2002. Tarjei Førstøyl 2000
  • Bjørn Andersson 2003-2006
  • Dagfinn Midtbø 2007-2013
  • Einar Heggtveit 2014-2015
  • Gunnar Grøstad Johnsson 2016-

Hovudaktivitetar

Hovudaktiviteten har vore å oppfylle målsettinga om å gjeva ut eit årleg årsskrift. Dette har kome ut kvart år frå 1980. Elles har Tokke historielag gjeve ut desse bøkene:

  • "Me ville vere med" (Om den lokale mostandsrørsla under krigen 1940/45)
  • Eige bok om Botnedalen. Støylsdal med mykje historiel.'
  • Eige bok om Dalsmarken. (Årleg tradisjon om lokal marknad, med myrkje foto m.a. av Harald Kihle.
  • Eige bok om Dalen og Dalen Hotel.

Eksterne lenker