Tor Jonsson: Forskjell mellom sideversjoner

2 230 byte lagt til ,  22. nov. 2014
Utbygging
(Referansar)
(Utbygging)
Linje 123: Linje 123:
== Vener og omgangskrets ==
== Vener og omgangskrets ==
{{thumb høyre|Tor Jonsson Bruheim Skjaeraasen.jpg|Frå venstre: [[Jan-Magnus Bruheim]], [[Einar Skjæraasen]] og Tor Jonsson, heime hjå forlagssjef i Noregs Boklag, [[Kjetil Ljøstad]], januar 1950.|Ukjent.}}
{{thumb høyre|Tor Jonsson Bruheim Skjaeraasen.jpg|Frå venstre: [[Jan-Magnus Bruheim]], [[Einar Skjæraasen]] og Tor Jonsson, heime hjå forlagssjef i Noregs Boklag, [[Kjetil Ljøstad]], januar 1950.|Ukjent.}}
Einsemda var eit hovudmotiv i Tor Jonssons dikting og ei hovudutfordring i hans eige liv. Eit vanskeleg sinn gjorde at tilhøvet til dei nærståande ofte vart sett på prøve. Dette innebar likevel ikkje at Tor Jonsson var venelaus. Han hadde vener frå barndom og skulegang. <ref>Olsen, S. 1968:16. Heiberg, I. 1984:21.</ref> Det fanst eit kulturelt elitemiljø rundt [[Fossbergom]] (sentrum i Lom) som interesserte seg for og gjerne hjelpte den gåverike ungguten, og som til dels også vart hans vener. Det galdt prost Smith, enda om dette forholdet vart komplisert av hans rolle i samband med Prest-Krok-striden, det var dyrlege Ingvar Godal, det var lærarar på folke- og framhaldsskulen, og på den realskulen og gymnasklassa som kom i gang der frå slutten av trettitalet. Og vi kan inkludere i dette miljøet fleire tilreisande og ofte langtidsbuande kulturpersonlegdomar som det var flust av i denne bygda.<ref>Heiberg, I. 1984:8-9.</ref> Dei beste venene til Jonsson blant desse var [[Sparre Olsen|Sparre]] og Edith Olsen.
Men Tor Jonsson sjølv vegra seg likevel sterkt mot å bli nokons protesjé. Det er ironisk at det miljøet som verkeleg visste å verdsetje Tor Jonsson som diktar i heimbygda, til dels tilhøyrde det sjiktet han sarkastisk og hatig omtala for eksempel i diktet «Festtale i eit julelag» («Prest og dokter, lensmann, klokkar er samla her til etarfest, liksom svarte korpeflokkar på ein sjølvdaud hest…»).
To tette og innbyrdes tangerande venekrinsar rundt Tor Jonsson må omtalast særskilt. Den eine høyrde heime i Lom og Skjåk. Kjernen i denne krinsen var diktarane frå Skjåk, Tore Ørjasæter og Jan-Magnus Bruheim, biletkunstnaren Kaare Halvorsen, som var nabo av Ørjasæter i Bråtå og læraren Jo Turtumøygard frå Lom. Dei møttest ikkje sjeldan til festleg lag, stundom hjå Tore og Aaslaug Ørjasæter, oftare sommarstid på hytta til Jo og Hildur Turtumøygard ved Pollfoss i Skjåk.
Den andre krinsen sokna til «[[Åndsreppen]]» i Gausdal, Inge og Gunvor Krokann, Halvard og Milada Blekastad og ikkje minst Sparre og Edith Olsen. Frå Gausdal kom også lyrikaren og bladmannen Ole Arnfinn Torgersrud som også vart ein av Jonssons fortrulege kollegaer og vener.
== Kjærleik, einsemd og død ==
== Kjærleik, einsemd og død ==
Kjærleiken er eit gjennomgangstema i Tor Jonssons dikting. Samstundes framstår diktaren i levande live som temmeleg hjelpelaus når det iallfall gjeld den type kjærleik som har med kjønnsliv å gjere. Det vart i all hovudsak verande på det litterære planet:
Kjærleiken er eit gjennomgangstema i Tor Jonssons dikting. Samstundes framstår diktaren i levande live som temmeleg hjelpelaus når det iallfall gjeld den type kjærleik som har med kjønnsliv å gjere. Det vart i all hovudsak verande på det litterære planet:
Veiledere, Administratorer
9 136

redigeringer