Tor Jonsson: Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
<onlyinclude>{{thumb høyre|Tor Jonsson 1950 alpelue.jpg|Tor Jonsson 1950.|Ukjent.}}'''[[Tor Jonsson]]''' (fødd i [[Lom]] 14. mai 1916, død i [[Oslo]] 14. januar 1951) var diktar og journalist. Han er mest kjend og lesen som lyrikar, med i alt fire diktsamlingar, den siste utgjeven etter hans sjølvvalde død. Også som prosaforfattar nådde han eit stort publikum gjennom dei blada han publiserte i. Prosatekstene består mest av samfunnskritiske småstykke med ein særmerkt  beisk og sarkastisk humor. Sjølv kalla han dei «nesler». Satiren og vreiden rettar seg mot det tradisjonsbundne, klassedelte og ættedyrkande bygdesamfunnet som han sjølv opplevde som sosialt og mentalt kuande, bakstreversk og inhumant. Med proletær bakgrunn og med ein til dels vanskeleg oppvekst, hadde han kjent dette på kropp og sjel. Slike tema figurerer også i lyrikken, men dei fleste dikta hans krinsar heller om eksistensielle spørsmål knytta til kjærleik, vondskap, liding og død, og fleire av dei kjem nær å uttrykke religiøse kjensler. Det er også innslag av programlyrikk og «stridsdikt», så vel som «ufarleg» naturlyrikk. Og som litteraturvitaren [[Reidar Djupedal]] nemner ein stad: «I ein stutt fredsrus våren 1945 gjekk Tor Jonsson og noko frå sin kjende veg og skreiv nasjonale dikt som stikk merkeleg av frå diktinga hans elles.» </onlyinclude>
<onlyinclude>{{thumb høyre|Tor Jonsson 1950 alpelue.jpg|Tor Jonsson 1950.|Ukjent.}}'''[[Tor Jonsson]]''' (fødd i [[Lom]] 14. mai 1916, død i [[Oslo]] 14. januar 1951) var diktar og journalist. Han er mest kjend og lesen som lyrikar, med i alt fire diktsamlingar, den siste utgjeven etter hans sjølvvalde død. Også som prosaforfattar nådde han eit stort publikum gjennom dei blada han publiserte i. Prosatekstene består mest av samfunnskritiske småstykke med ein særmerkt  beisk og sarkastisk humor. Sjølv kalla han dei «nesler». Satiren og vreiden rettar seg mot det tradisjonsbundne, klassedelte og ættedyrkande bygdesamfunnet, som han sjølv opplevde som sosialt og mentalt kuande, bakstreversk og inhumant. Med proletær bakgrunn og med ein til dels vanskeleg oppvekst, hadde han kjent dette på kropp og sjel. Slike tema figurerer også i lyrikken, men dei fleste dikta hans krinsar heller om eksistensielle spørsmål knytta til kjærleik, vondskap, liding og død, og fleire av dei kjem nær å uttrykke religiøse kjensler. Det er også innslag av programlyrikk og «stridsdikt», så vel som «ufarleg» naturlyrikk. Og som litteraturvitaren [[Reidar Djupedal]] nemner ein stad: «I ein stutt fredsrus våren 1945 gjekk Tor Jonsson og noko frå sin kjende veg og skreiv nasjonale dikt som stikk merkeleg av frå diktinga hans elles.» </onlyinclude>

== Bakgrunn og familie ==
== Bakgrunn og familie ==
Linje 5: Linje 5:
Foreldra var husmann Johannes Johnsen (1869–1929) og Torø Torsdotter  (1878–1950). Faren var fødd utanfor ekteskap, og kom på [[Leksikon:Legd|legd]] i barndomen. Som vaksen vart han anleggsarbeidar og plassmann med håp om å bli sjølveigande småbrukar. Torø Torsdotter var frå nabobygda [[Skjåk]], fødd på husmannsplassen Erlandstugu under [[Uppigard Skjåk]]. Johannes og Torø fekk tre born: Inga (1912-1978), Tora (1914-1974) og Tor som yngstemann. Eldstesystera gifta seg og slo seg ned i [[Øyer kommune|Øyer]], medan korkje Tora eller Tor gifta seg, og dei budde det meste av livet saman med mora i den vesle stova dei flytta inn i i 1924.

{{thumb høyre|Skjaak nov 2012 Elland-stugu 1.jpg|Erland-stugu, tidlegare husmannsstove under gnr. 22.1 Uppigard Skjåk i Skjåk kommune. Her var mor til Tor Jonsson fødd.|Hans P. Hosar 2012.}}
{{thumb høyre|Skjaak nov 2012 Elland-stugu 1.jpg|Erland-stugu, tidlegare husmannsstove under gnr. 22.1 Uppigard Skjåk i Skjåk kommune. Her var mor til Tor Jonsson fødd.|Hans P. Hosar 2012.}}
Biografane har interessert seg for besteforeldra til Tor Jonsson, særleg bestefedrane, for å gje eit ytterlegare innblikk i den sosiale bakgrunnen som forma han så sterkt i dikting og innstilling. Tor Jonsson sjølv granska ætta si ivrig, mest for å kunne påvise det nære skyldskapet som ofte var mellom høg og låg i bygda, og på den måten undergrave den undertrykkande mekanismen som han meinte den tidstypiske dyrkinga av gjæve bondeætter var.  
Biografane har interessert seg for besteforeldra til Tor Jonsson, særleg bestefedrane, for å eit ytterlegare innblikk i den sosiale bakgrunnen som forma han så sterkt i dikting og innstilling. Tor Jonsson sjølv granska ætta si ivrig, mest for å kunne påvise det nære skyldskapet som ofte var mellom høg og låg i bygda, og på den måten undergrave den undertrykkande mekanismen som han meinte den tidstypiske dyrkinga av gjæve bondeætter var.  

Morfaren Tor Nilsen frå Skjåk (Skreddar-Tor, fødd 1830) var handverkar, gravar på Skjåk kyrkjegard og plassmann i Erlandstugu, som låg like ved kyrkja og arbeidsplassen hans. Han var far til 15 born, dei fire fyrste før han var gift og med andre kvinner enn ho han vart gift med.<ref>Ættebok for Skjåk I:72-73.</ref> Nummer fire og fem i rekkja var båe fødde i 1866, det året han gifta seg med mor til nummer fem, Inga Amundsdotter frå Vigstadplassen under Vigstad. [[Inger Heiberg]] og [[Ingar Sletten Kolloen]] gjer eit poeng av at far til Tor Jonsson styrka sin sosiale posisjon da han i 1911 gifta seg med dottera til Skreddar-Tor.<ref>Heiberg, I. 1984:10-11, Kolloen, I.S. 1999:20, jf. Olsen, S. 1968:11,20 og Djupedal, R. 1963:154.</ref> Det er ikkje så lett å sjå korleis dette skulle vere, iallfall sett med augo til dei ættebyrge bøndene i bygda. Besteforeldra til Tor Jonsson på båe sider var definitivt forankra i bygdeproletariatet. Men når Tor Jonsson studerte ''Ættebok for Skjåk'', trong han rett nok ikkje gå langt utetter eller langt attende før han fann gode gardbrukarar blant forfedrar og slektningar. Det seier mykje om kor vanskeleg det kan vere å distansere seg frå ættemystikken når Reidar Djupedal i sitt essay om Jonsson finn det på sin plass å konstatere at Torø Torsdotter var «av Vigstadætta», ein assosiasjon til eit slags bondedynasti.

Veiledere, Administratorer
9 136

redigeringer