Tore Ørjasæter: Forskjell mellom sideversjoner

Språkvask
Ingen redigeringsforklaring
(Språkvask)
Linje 74: Linje 74:


=== Mann og kvinne, mann og kone ===
=== Mann og kvinne, mann og kone ===
Framstillinga av mangearta spenningar mellom mann og kvinne er blant hovudemna i alle dei sentrale verka til Tore Ørjasæter. I den grad vi kan påvise og formulere ein kjønnsideologi hjå Ørjasæter, finn vi ein klår parallellitet til Christopher Bruuns tankar på dette feltet, og alt talar for ein heilt direkte påverknad.
Framstillinga av erotiske, maktrelaterte og allmennpsykologiske spenningar mellom mann og kvinne er blant hovudemna i alle dei sentrale verka til Tore Ørjasæter. I den grad vi kan påvise og formulere ein kjønnsideologi hjå Ørjasæter, finn vi ein klår parallellitet til [[Christopher Bruun#Kjønnsideologi|Christopher Bruuns tankar på dette feltet]], og alt talar for ein heilt direkte påverknad.
   
   
I ''Folkelige Grundtanker'' seier Bruun klårt og utvetydig frå at så snart ein mann med talent til stordåd går stad og forlovar seg, er storverka hans tapte for verda. Det gjeld vel å merke så framt ikkje kvinna skjønar nødvendet av og har evne til å følgje mannen på hans dådsferd. Ekteskapskonfliktene i til dømes ''Gudbrand Langleite'' og ''Christophoros'' er ikkje så einfelt framstilte som kjønnsproblematikken hjå Bruun, men tek utgangspunkt i det same. Vi blir ikkje latne i tvil om at omsyn til familien og dei daglege trivialitetar legg sterke band på Gudbrands og Per Sjåstads utfalding av sine geni. Kvinna blir ein klamp om foten og ein kross å bere. «Mannen ber kvinna ein krossarveg». Mennene vil gå himmelbrua, medan konene pressar dei mot matbrua.  
I ''Folkelige Grundtanker'' seier Bruun klårt og utvetydig frå at så snart ein mann med talent til stordåd - av intellektuell, kunstnarisk eller annan art - går stad og forlovar seg, er storverka hans tapte for verda. Det gjeld vel å merke så framt ikkje kvinna skjønar nødvendet av og har evne til å følgje mannen på hans dådsferd. Ekteskapskonfliktene i til dømes ''Gudbrand Langleite'' og ''Christophoros'' er rett nok ikkje så einfelt framstilte som kjønnsproblematikken hjå Bruun, men tek utgangspunkt i det same. Vi blir ikkje latne i tvil om at omsyn til familien og dei daglege trivialitetar legg sterke band på Gudbrands og Per Sjåstads utfalding av sine geni. Kvinna blir ein klamp om foten og ein kross å bere. «Mannen ber kvinna ein krossarveg». Mennene vil gå himmelbrua, medan konene pressar dei mot matbrua.  


Vissa i den tidlegaste diktinga er dyrkinga av mannlegdomen framståande og uttrykkeleg. Ei av samlingane heiter jamvel ''Manns kvæde'', der ein finn strofar som denne:
Særleg i den tidlegaste diktinga er dyrkinga av mannlegdomen framståande og uttrykkeleg. Ei av samlingane heiter jamvel ''Manns kvæde'', der ein finn strofar som denne:


:Ver stolt du mann, deg magtar ingor møy å bøygje,
:Ver stolt du mann, deg magtar ingor møy å bøygje,
Linje 86: Linje 86:
I Gudbrand Langleite og i skodespela sine maktar Ørjasæter å framstille kjønnskampen – som det jo mykje i røynda dreiar seg om - på komplekst og nyansert vis. Han framstiller ikkje dei mannlege genia med udelt beundring og sympati, ofte tvert i mot.  
I Gudbrand Langleite og i skodespela sine maktar Ørjasæter å framstille kjønnskampen – som det jo mykje i røynda dreiar seg om - på komplekst og nyansert vis. Han framstiller ikkje dei mannlege genia med udelt beundring og sympati, ofte tvert i mot.  


Per Sjåstad er på mange måtar ein reint ynkeleg skapnad. Han er så lite praktisk at han ikkje greier godt som fylle ut sjølvmeldinga si. Vi skjønar godt kona si beiske haldning og hennar bitre kjensler over å måtte vere mann i huset. Gudbrand Langleite har sine lite sympatiske sider. Han bør vere takknemleg for at kona tek på seg å drive Åstrabruket når han i desperasjon enda ein gong bryt opp, forlet henne og vesleguten for å finne seg sjølv og dyrke sin kunstnargivnad på reiser i Europa. («Kvinna og kvenna»).  Elland Uppheim i ''Uppheimen på Sandnes'' er ein latterleg figur som i sitt tankespinn og med sine luftige prosjekt greier å øydeleggje mykje for sine næraste. Jo Gjende er direkte fråstøytande der han gudlaus og svartbannande avviser jenta han har sett barn på. Han vil for all del  ikkje bli bunden til kjerring, gard og småskore bygdeliv. Han vil dyrke jakt og friluftsliv i ei slags åndsaristokratisk einsemd, koste kva det koste vil.
Per Sjåstad er eit kunstnarisk geni, men på mange måtar ein ynkeleg skapnad elles. Han er så lite praktisk at han ikkje greier godt som fylle ut sjølvmeldinga si. Han er panisk redd for å knuse ein kaffekopp av frykt for skjenn frå kjerringa. Vi skjønar godt hennar beiske haldning og bitre kjensler over å måtte vere mann i huset. Gudbrand Langleite har sine lite sympatiske sider. Han bør vere takknemleg for at kona tek på seg å drive Åstrabruket når han i desperasjon enda ein gong bryt opp, forlet henne og vesleguten for å finne seg sjølv og dyrke sin kunstnargivnad på reiser i Europa. («Kvinna og kvenna»).  Elland Uppheim i ''Uppheimen på Sandnes'' er ein latterleg figur som i sitt tankespinn og med sine luftige prosjekt greier å øydeleggje mykje for sine næraste. Jo Gjende er direkte fråstøytande der han gudlaus og svartbannande avviser jenta han har sett barn på. Han vil for all del  ikkje bli bunden til kjerring, gard og småskore bygdeliv. Han vil dyrke jakt og friluftsliv i ei slags åndsaristokratisk einsemd, koste kva det koste vil.


Framstillingane både hjå Bruun og Ørjasæter botnar i alle høve i ei felles oppfatning av at mann og kvinne har nedlagt i seg vesensforskjellige, gudeskapte og/eller naturgjevne  eigenskapar og livsorienteringar. Det kvinnelege er «moldbunde», vendt mot heim, avl og ætt, og med ei umiddelbar oppfatning av den ytre røyndomen som på sett og vis framstår som barnleg truskuldig. Det mannlege er stridsorientert, karriereretta, positivt himmelstrevande, men med den innebygde faren at dette kan utarte til svermeri. Tolka i verste meining kan Bruuns og Ørjasæters kjønnsideologi sidestillast med det som litteraturhistorikaren Bjarte Birkeland seier om kvinneskikkelsane hjå Kristofer Uppdal: Deira oppgåve er fyrst og fremst å vere såjord for mannen.
Framstillingane både hjå Bruun og Ørjasæter botnar i alle høve i ei felles oppfatning av at mann og kvinne har nedlagt i seg vesensforskjellige, gudeskapte og/eller naturgjevne  eigenskapar og livsorienteringar, og som båe har rett og plikt til å realisere. Det kvinnelege er «moldbunde», vendt mot heim, avl og ætt, og med ei umiddelbar oppfatning av den ytre røyndomen som på sett og vis framstår som barnleg truskuldig. Det mannlege er stridsorientert, karriereretta, positivt himmelstrevande, men med den innebygde faren at dette kan utarte til svermeri. Tolka i verste meining kan Bruuns og Ørjasæters kjønnsideologi sidestillast med det som litteraturhistorikaren Bjarte Birkeland<ref>Norges litteraturhistorie, bd. 4, Cappelen, Oslo 1975, side 568.</ref> seier om kvinneskikkelsane hjå [[Kristofer Uppdal]]: Deira oppgåve er fyrst og fremst å vere såjord for mannen.


=== «Kristus er brumilloms-mann» ===
=== «Kristus er brumilloms-mann» ===
Veiledere, Administratorer
9 134

redigeringer