Tore Skaug

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Tore Skaug (fødd 13. august 1939 i Stor-Elvdal) var redaktør i Vest-Telemark Blad 1973-93.

Skaug har folkeskule, militærskule og bladfykskule. Han var militærnektar. Han var gjenstand for statleg, ulovleg overvaking, og har «mappe».

Etter si tid som redaktør blei han frilansskribent og redaktør m.a. for Kvinten og Årbok for folkemusikk fram til 2006. Han bur i Tveitgrend i Kviteseid kommune. Hobbyar er litteratur og vedhogst.


Bibliografi

  • Å byggje eit bygdetun. Vest-Telemark museum - Kviteseid Bygdetun. Målsmia. Kviteseid, 2007
  • Telemarkskyri. Målsmia. Kviteseid, 2006
  • Glimt frå Vrådals idrettshistorie. Vrådal IL 1928-2003. Forballskulen i Vrådal 1984-2004. Målsmia. Kviteseid, 2004
  • Frå krambu til Joker. Vrådal handelslag 1904-2004 Målsmia. Kviteseid, 2004
  • Bankbok for Kviteseid. Med sparebanken gjennom 150 år.Målsmia. Kviteseid, 2000
  • Den vesle Kviteseid-boka. Målsmia. Kviteseid, cop. 20001
  • Heia Førsdal! Fyresdal-idretten gjennom 100 år.Målsmia. Kviteseid, 1998
  • Vandfaldene ere bequemme. Skafså kraftverk 50 år.Målsmia. Kviteseid,1998
  • Dei beste frå Vriompeisen. Vriompeisen (pseud. Tore Skaug), 1993

I tillegg har Tore Skaug skrive mange lokalhistoriske artiklar i aviser , tidsskrift og årbøker.