Torkell Mauland: Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 12: | Linje 12: | ||
* Lid, Nils: artikkel i ''Norsk biografisk leksikon'' bind IX. Oslo 1940. | * Lid, Nils: artikkel i ''Norsk biografisk leksikon'' bind IX. Oslo 1940. | ||
* Torvund, Olav: artikkel i ''Norsk allkunnebok band'' VIII. Oslo 1958 | * Torvund, Olav: artikkel i ''Norsk allkunnebok band'' VIII. Oslo 1958 | ||
''[[Budstikkas store Asker og Bærum-leksikon]]'', sjå [[Sætre (Asker gnr 80)]]. | *''[[Budstikkas store Asker og Bærum-leksikon]]'', sjå [[Sætre (Asker gnr 80)]]. | ||
{{Spire}} | {{Spire}} |
Sideversjonen fra 15. okt. 2021 kl. 13:23
Torkell Mauland (fødd 1848 i Time, død 1923 i Asker) var lærar og folkeminnesamlar.
Han var lærar i Time, Høyland og Stavanger før han vart styrar på ein amtsskule i Ryfylke. Skulen var ambulerande og var i åra 1880–91 i elleve ulike bygder. Frå 1891 var han lærar i folkeskulen ymse stader, sist i Kristiania. I 1912 slo han seg ned på Sætre i Asker.
Etter 1913 vigde han seg til folkeminnesamling og historisk arbeid, og fekk årlege statsstipend. Han gav ut boka Trolldom i 1911, om hekseprosessar i Rogaland, skreiv om lensmenn og prestar i Rogaland og arbeidde med slektshistorie.
Torkell Mauland samla mykje folkeminnestoff frå heimfylket, utgjeve i skriftserien til Norsk Folkeminnelag (tre band, 1928–35). Materialet forvaltas av Norsk Folkeminnesamling.
I 1911 kjøpte han bruket Øvre Sætre i Asker.
Kjelder og litteratur
- Lid, Nils: artikkel i Norsk biografisk leksikon bind IX. Oslo 1940.
- Torvund, Olav: artikkel i Norsk allkunnebok band VIII. Oslo 1958
- Budstikkas store Asker og Bærum-leksikon, sjå Sætre (Asker gnr 80).
|