Tov Øysteinson Reisjaa

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 5. sep. 2017 kl. 08:20 av Per Ormestøyl (samtale | bidrag) (Ny side: ''' Tov Reisjå''' (1865-1938) kom frå Tuddal i Hjartdal kommune. Han arbeidde som lærer, men er mest kjend som folkeminnesamlar. På byrjinga av 19...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Tov Reisjå (1865-1938) kom frå Tuddal i Hjartdal kommune. Han arbeidde som lærer, men er mest kjend som folkeminnesamlar. På byrjinga av 1900-talet hadde han planar om å lage ei bygdesoge for Hjartdal.

Reisjå var utdanna lærar, og underviste i Hjartdalsbygda heile sitt aktive yrkesliv. Attmed lærarstillinga høyrde også klokkarstilling. Då Hjartdal Lærarlag vart skipa 5. mars 1899 var det Tov som vart vald til formann i laget.[1]

Reisjå nytta all ledig tid på å samle inn materiale med tanke på å skrive ei bygdesoge for Hjartdal. I dette materialet ligger det opplysninger om garder, slekter, folkeminne og fotografi fra bygda. Boka blei aldri fullført, men materialet som han samlet er bevart. Mykje av materialet er nytta i samband med andre lokalhistoriske publikasjonar frå Hjartdal.

Arkivet

Arkivet etter Tov Reisjå er ordna ved Norsk industriarbeidermuseum. Lenke til oversikt på arkivportalen. Ei oversikt over fotosamlinga kan studerast i lista over fotosamlinga ved Norsk Industriarbeidermuseum.

Kjelder

  • Fidjeland, Torkell, Hjartdal lærarlag 1899-1979, Sauland, 1979. Lenke til digital utgåve på bokhylla.
  • Oppføring på arkivportalen.

Eksterne lenker

Referansar

  1. Fidjeland, 1979, s. 1.