Norsk Industriarbeidermuseum
Norsk Industriarbeidermuseum held til på Vemork kraftstasjon. Det opna i 1988 etter at ein gjennom fleire år hadde arrangert arbeidarkulturdagar, og såg at ein måtte få på plass eit museum for industriarbeidarhistoria. Tinn Museum, Heddal Bygdetun, Rjukanbanen og Telemarksgalleriet er konsolidert inn i Norsk Industriarbeidermuseum.
Museet vart oppretta med støtte frå Tinn kommune, Landsorganisasjonen, Arbeidernes Opplysningsforbund, Norsk Kjemisk Industriarbeiderforbund, EL & IT Forbundet og Norges vassdrags- og energidirektorat. Fellesforbundet har seinare slutta seg til, og Statkraft og Statnett var med ei tid.
Ved sidan å vere museum for industriarbeidarhistorie er òg tungtvassaksjonen på Vemork under andre verdskrigen ein viktig del av museet sin historie.
Norsk Industriarbeidermuseum er saman med Telemark Museum og Vest-Telemark Museum partnar i Telemarksarkivet.
Galleri
Kilder
- Norsk Industriarbeidermuseum på Wikipedia på bokmål og riksmål
- Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
- Norsk Industriarbeidermuseum på Digitalt museum.
- Norsk Industriarbeidermuseum på KulturNav