Trondheim Frikyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 9. feb. 2015 kl. 22:18 av Kiplesund (samtale | bidrag) (Ny side: '''Trondheim Frikyrkje''' er lokalisert på Moholt i Trondheim, og høyrer inn under kyrkjesamfunnet Den Evanglisk Lutherske Frikyrkja. Kyrkjelyden vart konstituert 12....)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Trondheim Frikyrkje er lokalisert på Moholt i Trondheim, og høyrer inn under kyrkjesamfunnet Den Evanglisk Lutherske Frikyrkja. Kyrkjelyden vart konstituert 12. desember 1973, men har røter attende til Levanger og Ytterøy i 1960-åra.

Kort historikk

På 1960-talet hadde kyrkjelyden samlingar i Blåkorssalen i Kjøpmannsgt. 42. Innviingsfest vart halde 7. januar 1974, då var det 30 medlemmer i forsamlinga.

I 1975 vart Arnfinn Løyning første forstandar for kyrkjelyden, ei stilling han hadde fram til 1982. Då tok Thomas Bjerkholt over.

I 1988 vart gudstenestene i forsamlinga flytta til KVT på Tiller. Lokalet i Brøsetv. på Moholt vart tekne i bruk 2002.

Teologisk profil

Trondheim Frikyrkje vert rekna som ein av dei meir teologisk konservative kyrkjelydane innan Den Evanglisk Lutherske Frikyrkja. I 2006 karakteriserte Thomas Bjerkholt kyrkjelyden som "klassisk-ortodoks". Han framheva at det var plass til både karismatikk og liturgi i kyrkjelyden. Bjerkholt var ein av dei som var motstandar til at kvinner skulle ordinerast til pastorar og eldste i Den Evanglisk Lutherske Frikyrkja, dette vart det opna for ved Den Evanglisk Lutherske Frikyrkja sitt synodemøte i 2005.

Kjelder