Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Ein tverrskotting eller spegelbåt (nynorsk) / speilbåt (bokmål) er ein open, klinkbygd båt på kring 12–16 fot med eit til to rorsrom og ein akterspegel som eignar seg til feste av påhengsmotor. Opphavet til tverrskottingen er dels den spissgatta færingen og dels giggen med sine damppressa ribber. Etter som påhengsmotorane vart større, har òg tverrskottingane vorte bygd med breiare akterspegel og meir utlagt akterskott — og slik nærma seg den nærskyldte båttypen plattgattar. Tverrskottingen er gjerne færing på storleik og har gjerne vorte bruka som denne — til fiske og småtransport så vel som som lystfarty.
Eldre type akterspegel (1967). Denne varianten fungerer bra både med årar og segl så vel som med ein liten påhengsmotor så lenge ein har nok vekt framme.
Foto: Olve Utne (2008).
Nyare type akterspegel. Denne varianten eignar seg best til motor og toler noko større påhengmotorar.
Foto: Nils Marius Johansen (2012).
Somme tverrskottingar har dampbøygde ribber mellom dei vanlege banda — eit trekk frå giggen.