Tysnes kommune: Forskjell mellom sideversjoner

Linje 32: Linje 32:


== Tordr or Niardarlaug  – og Olavsgildet ==
== Tordr or Niardarlaug  – og Olavsgildet ==
Frå yngre jarnalder og frametter gjennom folkevandringstida og inn i vikingtida vert funna stadig rikare. I Kongsvik vart det såleis gjort rike funn, m.a. av ornamentikk. Frå vikingtida kjem også skriftlege kjelder inn i biletet.  Snorre fortel om Tordr or Niardarlaug, som stridde saman med Olav Tryggvason ombord i Ormen Lange under slaget ved Svolder. Og frå vikingtida er ikkje vegen lang over i kristen tid.  
Frå yngre jarnalder og frametter gjennom folkevandringstida og inn i vikingtida vert funna stadig rikare. I [[Kongsvik]] vart det såleis gjort rike funn, m.a. av ornamentikk. Frå vikingtida kjem også skriftlege kjelder inn i biletet.  Snorre fortel om Tordr or Niardarlaug, som stridde saman med [[Olav Tryggvason]] ombord i Ormen Lange under slaget ved [[Svolder]].  


Og no er me atter ved Olavsgildet, det store gildet som heldt hus på Onarheim, omlag der den noverande kyrkja finst i dag. Kor gammalt Olavsgildet på Onarheim er veit ingen. Men etter gamle brev må det ha eksistert frå tidleg på 1300-talet, kanskje mykje eldre. Det var eit mektig gilde. Hit kom gildebrør frå store delar av Vestlandet, og ikkje berre frå Sunnhordland, for å ta del i olsokfeiringa, eller Olavsvaka som det heitte. Frå gildet sitt segl, som vart nytta under hyllinga av Håkon Magnusson på Båhus i 1344, stammar både Tysnes kommune sitt våpen, som ikkje er offisielt godkjend, og Hordaland fylkeskommune sitt våpen – to krosslagde økser med ei krune over.
Og no er me atter ved Olavsgildet, det store gildet som heldt hus på Onarheim, omlag der den noverande kyrkja finst i dag. Kor gammalt Olavsgildet på Onarheim er veit ingen. Men etter gamle brev må det ha eksistert frå tidleg på 1300-talet, kanskje i endå eldre tid. Det var eit mektig gilde. Hit kom gildebrør frå store delar av Vestlandet, og ikkje berre frå [[Sunnhordland]], for å ta del i olsokfeiringa, eller [[Olavsvaka]] som det heitte. Frå gildet sitt segl, som vart nytta under hyllinga av [[Håkon Magnusson]] [[Båhus]] i 1344, stammar både Tysnes kommune sitt våpen, som ikkje er offisielt godkjend, og [[Hordaland fylkeskommune]] sitt våpen – to krosslagde økser med ei krone over.
 
Ein mann som kan ha vore ein gildebror, sjølv om me ikkje veit det, er Pål Knutsson frå Onarheim. Om han veit me i det heile teke så lite at han må seiast å vera ein del av «Tysnes-mytane». Det einaste me veit er at han i byrjinga av 1350-åra fekk i oppdrag av kong Magnus å utrusta ein ekspedisjon til Grønland for å sjå til den norrøne kolonien der. Han vende aldri tilbake. Nokre historikarar i nyare tid vil ha det til at han segla vidare til Nord-Amerika og trengde inn i det noverande Minnesota via dei store elvane, og stod bak innskrifta på den såkalla Kensington-steinen. Til liks med mytane kring Vevatnet og den oppdikta Anne Knutsdotter har Pål Knutsson vorte ein kjend og spennande, om enn spekulativ, del av Tysnes-soga.
 
For det er i desse traktene ho høyrer heime, Anne Knutsdotter. Opphavsmannen til songen, Claus Pavels Riis, budde på Nymark i mange år og ligg gravlagd på kyrkjegarden ved Onarheim kyrkje. Det var på Tysnes han skreiv den kjende songen, og sjølv om Anne Knutsdotter er ein oppdikta figur fanst det ein levande modell – Herborg, som budde på husmannsplassen Heio i Vattedal.  


== Kalkbrenning og skottehandel ==
== Kalkbrenning og skottehandel ==
Skribenter
1 575

redigeringer