Tysnes kommune: Forskjell mellom sideversjoner

Linje 27: Linje 27:
Frå bronsealderen byrjar det koma fram meir far etter folk. Gravminna frå bronsealderen høyrer til dei mest interessante monumenta me har frå forhistorisk tid. Frå denne tidsbolken er det også funne ein interessant [[runestein]] på [[Myklestad]] og ei steinhelle med skålgroper i Ve. Runer er også funne på ein kjøtkniv frå [[Gjersvik]], med såkalla [[trolldomsruner]].  

Eit av dei mest særmerkte fornminna i Tysnes - [[Årbakkavollen]] på [[Onarheim]] - stammar frå jarnalderen. Her har vore meir enn 20 gravrøyser og minst 6 bautasteinar, sikkert fleire. Sjølv om delar av dette har vorte øydelagt, er det framleis råd å sjå at denne staden må ha vore noko særskilt. Og det verkar naturleg å knyta dette saman med harudane og deira Njord-dyrking. Utover [[vikingtida]] står Onarheim fram som eit senter, både for Tysnes og for store delar av Hordaland. Her var tingstad, og her vaks etter kvart [[Olavsgildet]] fram - truleg med røter i førkristen tid. Slike gilde er kjende frå heile Nord-Europa og var ein sort brorskap, der dei mektige i samfunnet støtta kvarandre økonomisk og praktisk.  
Eit av dei mest særmerkte fornminna i Tysnes - [[Årbakkavollen]] på [[Onarheim]] - stammar frå jarnalderen. Her har vore meir enn 20 gravrøyser og minst 6 bautasteinar, sikkert fleire. Sjølv om delar av dette har vorte øydelagt, er det framleis råd å sjå at denne staden må ha vore noko særskilt. Og det verkar naturleg å knyta dette saman med harudane og deira Njord-dyrking. Utover [[vikingtida]] står Onarheim fram som eit senter, både for Tysnes og for store delar av Hordaland. Her var tingstad, og her vaks etter kvart [[Olavsgildet]] fram - truleg med røter i førkristen tid.  

Ein underleg og ikkje så reint lite mystisk stad er det såkalla [[horget]] på [[Todneset]] ved innseglinga til [[Våge]]. Her er det observert at sola skin direkte på staden  - og ingen andre stader i området -  22. desember, altså ved vintersolkverv. Det er eit fenomen ein kjenner frå fleire stader i Europa, men berre ein annan stad i Noreg. Her står også ein bautastein. Bautasteinar finst fleire stader kringom i Tysnes. Den største samlinga finn me som nemnd på Årbakka.

Skribenter
1 575

redigeringer