Tysnes kommune: Forskjell mellom sideversjoner

Linje 37: Linje 37:


== Kalkbrenning og skottehandel ==
== Kalkbrenning og skottehandel ==
Kring år 1500 tek overgangen til pengesamfunnet til for alvor, og bonden må skaffa pengar til hus og heim, til reidskapar og til skattar. Ein av dei eldste næringsvegane i Tysnes er kalkbrenning. Berggrunnen sør i kommunen er rik på kalk, og mange av gardane frå Onarheim og søretter brende kalk heilt frå 1300-talet. Kalken vart mykje nytta til husbygging, og utvinninga heldt fram heilt til byrjinga av førre hundreåret. Kvar gong det var storbrann i Bergen, tente kalkleverandørane godt på gjenoppbygginga. I dag er det få prov att etter denne verksemda, men like ved vegen frå Onarheim til Hodnaneset finst det ein restaurert kalkomn som var i drift frå midten av 1800-talet fram til omlag 1900. Nemnast må også marmorbrota som oppstod som ein liten «industri» allereie på 1600-talet, då på Seløyo.  
Ein av dei eldste næringsvegane i Tysnes er [[kalkbrenning]]. Berggrunnen sør i kommunen er rik på kalk, og mange av gardane frå Onarheim og søretter brende kalk alt frå 1300-talet. Kalken vart mykje nytta til husbygging, og utvinninga heldt fram heilt til byrjinga av 1900-talet. Kvar gong det var storbrann i Bergen, tente kalkleverandørane godt på gjenoppbygginga. I dag er det få prov att etter denne verksemda, men like ved vegen frå Onarheim til [[Hodnaneset]] finst det ein restaurert kalkomn som var i drift frå midten av 1800-talet fram til omlag 1900. Nemnast må også marmorbrota som oppstod som ein liten «industri» allereie på 1600-talet, då på [[Seløyo]].  


Frå denne tida må ikkje minst skottehandelen omtalast. Handelen med Skottland var omfattande. Det var først og fremst tømmer som vart eksportert herfrå. Mange stader på Tysnes vart bygdene snauhogde for skog. Og ikkje minst var kontakten med Shetland tett – særleg gjennom dei såkalla hjeltabåtane som vart bygde her og frakta i «halvfabrikata» til Shetland og sett saman der. Båtbyggjarkunsten stod høgt på Tysnes og utvikla seg til ein tradisjon som vart halden vedlike heilt inn i vår eiga tid. I denne perioden vart det også sett opp store vassager kringom på Tysnesøya og Reksteren.  
Frå denne tida må ikkje minst [[skottehandelen]] omtalast. Handelen med Skottland var omfattande. Det var først og fremst tømmer som vart eksportert herfrå. Mange stader på Tysnes vart bygdene snauhogde for skog. Og ikkje minst var kontakten med Shetland tett – særleg gjennom dei såkalla [[hjeltabåtane]] som vart bygde her og frakta i «halvfabrikata» til [[Shetland]] og sett saman der. Båtbyggjarkunsten stod høgt på Tysnes og utvikla seg til ein tradisjon som vart halden vedlike heilt inn i vår eiga tid. I denne perioden vart det også sett opp store vassager kringom på Tysnesøya og [[Reksteren]].  


Ei rik ætt heldt til i Gjersvik på 1600-talet – Haard-familien. Den danskfødde Else Tronds og den skotskætta mannen hennar, Anders Mowat, budde her. Dei hadde også eigedomar på Shetland. Seinare flytta dei til Hovland. Dette vart setegarden for sonen Axel Mowatt, den rikaste mannen på Vestlandet på den tida. Han hadde ei dotter, Karen, som vart gift med Ludvig Rosenkrantz. Ho var den rikaste arvingen i Noreg på det tidspunktet, han ein utarma dansk adelsmann. Alt før den nye heimen deira, slottet i Rosendal, var blitt opphøgd til baroni var eigedomen pantsett heilt opp til pipa.  
Ei rik ætt heldt til i Gjersvik på 1600-talet – [[Haard]]-familien. Den danskfødde [[Else Tronds]] og den skotskætta mannen hennar, [[Anders Mowat]], budde her. Dei hadde også eigedomar på Shetland. Seinare flytta dei til Hovland. Dette vart setegarden for sonen [[Axel Mowatt]], den rikaste mannen på Vestlandet på den tida. Han hadde ei dotter, Karen, som vart gift med [[Ludvig Rosenkrantz]]. Ho var kanskje den rikaste arvingen i Noreg på det tidspunktet, han ein utarma dansk adelsmann. Alt før den nye heimen deira, slottet i [[Rosendal]], var blitt opphøgd til baroni var eigedomen pantsett heilt opp til pipa.


== 1800-talet – eit farande folk ==
== 1800-talet – eit farande folk ==
Skribenter
1 575

redigeringer