Ulsteinvik

Sideversjon per 20. aug. 2020 kl. 10:49 av MortenHV (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

Ulsteinvik er ein tettstad og administrasjonssenteret i Ulstein kommuneSunnmøre. Staden ligg på vestsida av Hareidlandet, og fekk i 2000 bystatus. Per 1. januar 2016 budde det 5 505 personar i tettstaden.

Ulstein rådhus i Ulsteinvik.
Foto: Arnfinn Kjelland (2010).

Det er stor industriverksemd på Ulsteinvik, særleg skipsbygging og petroleumsverksemd. Ulstein Verft er eit av dei største foretaka.

Sunnmøre folkehøgskule og Ulstein vidaregåande skule ligg i utkanten av tettstaden.

Oshaugen ved Ulsteinvik er ein av dei største gravrøysaneVestlandet.

Ulsteinvik er innspelingsstad for NRK-serien Heimebane. Høddvoll stadion er der omdøypt til Tangsrud Arena.

Litteratur og kjelder

 
Høddvoll stadion.
Foto: Trond Nygård (2020).