Ungdomshuset Valhall

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 30. des. 2015 kl. 17:17 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: '''Ungdomhuset Valhall''' var eit forsamlingshus i Sykkylven, bygd av Sykkylven frilynde ungdomslag i 1914. Huset var fram til det vart rive i 1969 mykje brukt til møte, festar og s...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ungdomhuset Valhall var eit forsamlingshus i Sykkylven, bygd av Sykkylven frilynde ungdomslag i 1914. Huset var fram til det vart rive i 1969 mykje brukt til møte, festar og som kinolokale.

Då huset stod ferdig var det 20 meter langt og 10 meter breidt og i to høgder. Huset hadde kosta kr 12.000, men mykje av byggjearbeidet hadde skjedd gjennom dugnadsarbeid.

Det var både før, og etter, Valhall kom opp, mykje diskusjon om kva for aktivitetet som skulle vere i huset. I paragraf 1 i lovene for Valhall heitte det: "Huset skal vere ein møtestad der ungdomen kan fremja norskdom, fridom og upplysning." Mange av ungdomane ville gjerne at det skulle vere rom for dans i huset. Dette vart det lagt restriksjonar på. I vedtektene til huset heitte det: "Der kan danses indtil 5 gange for hvert aar og da i forbindelse med fest. Der kan danses indtil 4 timer hver gang, dog skal dansen under enhver omstendighed være slut kl. 4 om morningen."

Det var ikkje berre huseigaren som nytta ungdomshuset til verksemda si. Mellom dei første brukarane var Sykkylven skyttarlag og losjen. Frå hausten 1917 heldt framhandsskulen til i småsalen.

Etter kvart gjekk det ut fleire særlag frå ungdomslaget. Slike grupperingar var Sykkylven Spellag, Sykkylven Idrottslag og Musikklaget Lurlåt. Også desse laga brukte Valhall for ein stor del til aktivitetane sine. I idrettslaget var det særleg turngruppa som hadde nytte av den store samlingssalen. Turngruppa hadde ofte framsyningar på basarar og julefestar som ungdomslaget og andre foreiningar arrangerte på Valhall. Til slike festar kunnhe det også kome besøk frå turnforeiniga i Ålesund.