Ungdomslaget Fram (Jostedalen)

Ungdomslaget Fram var ungdomslag for Sperle krins i den midtre delen av Jostedalen i Sogn og Fjordane. Laget vart skipa tidleg på 1900-talet og sette i 1925-26 opp ungdomshuset Framheim. Laget hadde i periodar svært mykje aktivitet og dreiv mellom anna mykje med song- og folkedansar. Laget hadde det handskrivne bladet Bondeguten.

Ungdomslaget Fram vart i 1989 slege saman med Jostedal ungdomslag, som i dag femner om heile bygda.

Litteratur

  • Øvregard, Kåre. (1996). Skulen i Luster gjennom 250 år. Kulturhistoriske glimt frå skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane. Gaupne: Luster kommune, s. 352-354.