Ustaoset: Forskjell mellom sideversjoner

1 849 byte lagt til ,  12. mai 2013
turister og jegere
mIngen redigeringsforklaring
(turister og jegere)
Linje 28: Linje 28:


Gå til [[Setrar på Ustaoset (Hol)|oversyn over langstølar på Ustaoset]].
Gå til [[Setrar på Ustaoset (Hol)|oversyn over langstølar på Ustaoset]].
== Dei fyrste turistane ==
Frå midten av 1800-talet begynte fotturistane å vandre i Hol. I Reisehaandbog over Norge frå 1893 (7. utg.) skildrar Yngvar Nielsen ulike ruter frå Geilo til Ustaoset og vidare innover mot Hardangervidda. Han rådde til å starte frå Tufto, den siste garden i Ustedalen, og å gå om Smettbakstølen til ”Osesæteren” eller ”Gjeitli sæter” (truleg Osestølen og Geilelie). Derifrå kunne ein ta båt over Usta. Ole O. Vindegg var mellom dei som rodde turistar over vatnet. Om ein ikkje fekk tak i båt, rår Nielsen til å gå over Usteåne og forbi stølane kring Usteberget og om Monsbu til Krækkjahytta (bygd i 1878). Frå Tufto kunne du leige fjellførar som mellom anna tok deg til Krækkjahytta for kr 7, til Haugastøl for kr 5 og til Hallingskarvet for kr 3. Dette var prisar utan hest. Blant fjellførarane var Erik Tufto, Lars O. Slettemoen og Torleiv Reinton.
== Utanbygds jegarar og fiskarar ==
I likhet med fotturistane, fatta også jegarane interesse for fjella i Hol før Bergensbanen vart opna. Nokre av dei kjøpte opp jaktområde i fjella i stor målestokk, mellom anna på Ustaoset. Mange grunneigarar leigde bort eller selde jakt- og fiskerettar og heile stølar til forretningsfolk med jaktinteresser. Dette ga bøndene raske pengar, men kunne samstundes vere del av ei meir langsiktig planlegging frå bøndene si side. Dei kunne rekne som ganske sikkert at jegarane ville trenge fjellførarar, handle mat på stølane og kanskje også byggje hytter på tomtene sine. I 1897 rapporterte lensmann Lars Hammarsbøen til landbrukskommisjonen om jaktforholda i kommunen. Det var da berre Osestølen og nokre andre stølar under gardane Vindegg og Kaupang som hadde forpakta bort jaktterreng til utanbygdsfolk. ”En hel del jagttærræn er solgt til Byjægere,” skriv lensmannen.


== Bergensbanen og Ustaoset stasjon ==
== Bergensbanen og Ustaoset stasjon ==
30 536

redigeringer