Utistog (Bykle gnr 14/2): Forskjell mellom sideversjoner

språk
(Altså Torleiv ikkje Tellef avdi det står Torleiv fleire plassar)
(språk)
Linje 38: Linje 38:
Når ''Vallesoga'' (III, 404) melder at Folke Åsmundsson var gift med ei dotter åt Tallak Bjugsson Berg, vert det sagt å vera ei gjeting, som byggjer på at det elles ville vera vrangt å forklare korleis han hadde fått hand om eigedomen i Berg, men denne gjetinga tykkjest då rimeleg nok. Iallfall åtte Folke 14 kalveskinn i Berg på 1660-talet, og er siste venda oppførd som eigar der i 1670. Sameleis fører 1670-jordeboka han opp som eigar av 14 1/2 kalveskinn i Byklum, jamvel om landskattelistene viser at sonen Kjetil hadde overteke eigedomen alt fyre 1659. Me vil då rekne med at denne byklumeigedomen åt Folke i praksis var overlaten til sonen, men at det ikkje vart formalisert så lenge faren livde, og på denne bakgrunnen har me då skrive at han døydde «etter 1670».  

Kjetil Folkesson overtok som nemnt farens eigedom i Byklum mot slutten av 1650-talet. Men ettersom det er kjeldene frå Valle som har mest å fortelje om han, torer me vel tru at han mykje av tida heldt til i Nordstog Berg, iallfall var han der dei siste åra han livde. Men på 1660-talet var han i Byklum, og me set opp det omtrentlege fødselsåret hans etter dei sprikjande aldersoppgåvene i manntala frå 1665-1666. Ettersom far hans var frå Byklum, og han sjølv takomtil budde her, kallar me han Byklum:   
Kjetil Folkesson overtok som nemnt farens eigedom i Byklum mot slutten av 1650-talet. Men ettersom det er kjeldene frå Valle som har mest å fortelje om han, torer me vel tru at han mykje av tida heldt til i Nordstog Berg, iallfall var han der dei siste åra han livde. Men på 1660-talet var han i Byklum, og me set opp det omtrentlege fødselsåret hans etter dei sprikjande aldersoppgåvene i manntala frå 1665-1666. Ettersom far hans var frå Byklum, og han sjølv no og da budde her, kallar me han Byklum:   

* '''Kjetil Folkesson Byklum''', f ca 1626-32, d ca 1683  
* '''Kjetil Folkesson Byklum''', f ca 1626-32, d ca 1683