Utstein kloster: Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 14: Linje 14:
I ei bok om Utstein frå 2005 presenterer historikaren Eldbjørg Haug synspunkt som bryt med den tradisjonelle dateringa av klosteret. Ho argumenterer for at Olavsklosteret i Stavanger truleg var eit benediktinarkloster, som i så fall ikkje kan ha vore noko forløpar til Utstein. I staden finn Haug det sannsynleg at klosteret på Utstein blei grunnlagt samstundes med Halsnøy kloster i samband med kongekroninga av Magnus Erlingsson i Bergen i 1164. Bak grunnlegginga av begge klostera, som fekk store jordegodsdonasjonar ved skipinga, ser ho Magnus sin far, lendmannen Erling Ormsson Skakke frå Stødle i Etne som var gift med Kristin, dotter til Sigurd jorsalfar. Denne omdateringa av Utstein kloster blir støtta mellom anna av ein døypefont frå 1100-talet som framleis finst i klosterkyrkja.

Klostergarden, som omfatta Klosterøy og Fjøløy, var ein god gard. Utstein kloster rådde over eit jordegods som plasserer det om lag midt på treet blant norske kloster. Flesteparten av eigedomane låg på Nord-Jæren og øyane i Boknafjorden. Utstein hadde dessutan lakserett i Figgjoelva på Jæren og dreiv handel med Utsteinbussen, som er nemnt i engelske tollrekneskap kring 1300. Inntektene, særleg frå jordegodset, gjekk sterkt tilbake etter folketapet som følgje av svartedauden og andre pestar i seinmellomalderen, men munkane på Utstein ser ut til å ha makta å tilpassa seg dei nye realitetane. Klosteret var såleis i drift heilt fram til reformasjonene. Den siste abbeden vart avsett i august 1537.
Klostergarden, som omfatta Klosterøy og Fjøløy, var ein god gard. Utstein kloster rådde over eit jordegods som plasserer det om lag midt på treet blant norske kloster. Flesteparten av eigedomane låg på Nord-Jæren og øyane i Boknafjorden. Klosteret hadde dessutan lakserett i Figgjoelva på Jæren og dreiv handel med Utsteinbussen, som er nemnt i engelske tollrekneskap kring 1300. Inntektene, særleg frå jordegodset, gjekk sterkt tilbake etter folketapet som følgje av svartedauden og andre pestar i seinmellomalderen, men munkane på Utstein ser ut til å ha makta å tilpassa seg dei nye realitetane. Klosteret var såleis i drift heilt fram til reformasjonen. Den siste abbeden vart avsett i august 1537.
 
==Tida etter reformasjonen==
Ved reformasjonen overtok kongen klostera og klostergodset. Trond Ivarsson, tidlegare fut i Jämtland, fekk Utstein kloster i len av kongen i 1537. To år seinare plyndra Christoffer Trondsson Rustung klosteret som del av eit angrep retta mot kong Christian III. Det er mogeleg at klosterkyrkja vart sett i brann ved dette høvet. Utstein fekk såleis ein vanskeleg start som verdsleg len, og bygningane kom i forfall. Lensherrane høyrde stort sett heime i Danmark og hertugdøma og budde ikkje på Utstein. I staden hadde dei futar som stod for lensforvaltninga. I 1601 vart jordegodset til Utstein kloster slått saman med godset til Allehelgenskyrkja i Bergen. Dermed blei lenet viktigare og gav større avkastning. Utover 1600-talet blei det gjort ein del utbetringar på Utstein og reist nybygg.
 
Krigar mot Sveriga tømte statskassa og sette kongen i København i stor gjeld. For å rå bot på den vanskelege finansielle stoda byrja kongen å avhenda krongods. I 1664 blei Utstein kloster med gods seld til eit konsortium av fem danske adelsmenn og ein embetsmann som hadde mykje pengar til gode hos kongen. Dei byrja etter kvart å selja jordegods. Det var Christopher Frimann som sikra seg klostergarden på Utstein i 1700. Om lag ti år seinare overtok Johan Garmann.