Utstein kloster: Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 19: Linje 19:
Ved reformasjonen overtok kongen klostera og klostergodset. Trond Ivarsson, tidlegare fut i Jämtland, fekk Utstein kloster i len av kongen i 1537. To år seinare plyndra Christoffer Trondsson Rustung klosteret som del av eit angrep retta mot kong Christian III. Det er mogeleg at klosterkyrkja vart sett i brann ved dette høvet. Utstein fekk såleis ein vanskeleg start som verdsleg len, og bygningane kom i forfall. Lensherrane høyrde stort sett heime i Danmark og hertugdøma og budde ikkje på Utstein. I staden hadde dei futar som stod for lensforvaltninga. I 1601 vart jordegodset til Utstein kloster slått saman med godset til Allehelgenskyrkja i Bergen. Dermed blei lenet viktigare og gav større avkastning. Utover 1600-talet blei det gjort ein del utbetringar på Utstein og reist nybygg.  

Krigar mot Sveriga tømte statskassa og sette kongen i København i stor gjeld. For å rå bot på den vanskelege finansielle stoda byrja kongen å avhenda krongods. I 1664 blei Utstein kloster med gods seld til eit konsortium av fem danske adelsmenn og ein embetsmann som hadde mykje pengar til gode hos kongen. Dei byrja etter kvart å selja jordegods. Det var Christopher Frimann som sikra seg klostergarden på Utstein i 1700. Om lag ti år seinare overtok Johan Garmann.
Krigar mot Sveriga tømte statskassa og sette kongen i København i stor gjeld. For å rå bot på den vanskelege finansielle stoda såg kongen seg nøydd til å avhenda krongods. I 1664 blei Utstein kloster med gods seld til eit konsortium av fem danske adelsmenn og ein embetsmann som hadde mykje pengar til gode hos kongen. Dei byrja etter kvart å selja jordegods. Det var Christopher Frimann, forvaltar over Halsnøy kloster, som sikra seg klostergarden på Utstein i 1700. Dottera hans, Karen, var gift med den velståande generaltollinspektøren i Bergen, Johan Garmann. Han skal ha fått kontroll med Utstein om lag 1710.