Utstein kloster: Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 19: Linje 19:
Ved reformasjonen overtok kongen klostera og klostergodset. Trond Ivarsson, tidlegare fut i Jämtland, fekk Utstein kloster i len av kongen i 1537. To år seinare plyndra Christoffer Trondsson Rustung klosteret som del av eit angrep retta mot kong Christian III. Det er mogeleg at klosterkyrkja vart sett i brann ved dette høvet. Utstein fekk såleis ein vanskeleg start som verdsleg len, og bygningane kom i forfall. Lensherrane høyrde stort sett heime i Danmark og hertugdøma og budde ikkje på Utstein. I staden hadde dei futar som stod for lensforvaltninga. I 1601 vart jordegodset til Utstein kloster slått saman med godset til Allehelgenskyrkja i Bergen. Dermed blei lenet viktigare og gav større avkastning. Utover 1600-talet blei det gjort ein del utbetringar på Utstein og reist nybygg.  

Krigar mot Sveriga tømte statskassa og sette kongen i København i stor gjeld. For å rå bot på den vanskelege finansielle stoda såg kongen seg nøydd til å avhenda krongods. I 1664 blei Utstein kloster med gods seld til eit konsortium av fem danske adelsmenn og ein embetsmann som hadde mykje pengar til gode hos kongen. Dei byrja etter kvart å selja jordegods. Det var Christopher Frimann, forvaltar over Halsnøy kloster, som sikra seg klostergarden på Utstein i 1700. Dottera hans, Karen, var gift med den velståande generaltollinspektøren i Bergen, Johan Garmann. Han skal ha fått kontroll med Utstein om lag 1710.
Krigar mot Sveriga tømte statskassa og sette kongen i København i stor gjeld. For å rå bot på den vanskelege finansielle stoda såg kongen seg nøydd til å avhenda krongods. I 1664 blei Utstein kloster med jordegods seld til eit konsortium av fem danske adelsmenn og ein embetsmann som hadde mykje pengar til gode hos kongen. Dei byrja etter kvart å selja jordegods. Det var Christopher Frimann, forvaltar over Halsnøy kloster, som sikra seg Utstein i 1700. Seinare har denne matrikkelgarden vore i same familien si eiga heilt fram til i dag.  Dottera til Christopher, Karen, var gift med den velståande generaltollinspektøren i Bergen, Johan Garmann. Han skal ha fått kontroll med Utstein om lag 1710. son hans, Christopher Garmann, blei utnemnd til fut i Ryfylke i 1749. Året etter overtok han Utstein, og la snart for dagen ein stor virketrang. Han stod bak store utbetringar av bygningane. Tømmerbygningen oppå østfløyen vart riven og erstatta ev ein mura etasje, som kom til å bli hovudbygningen. Sørfløyen vart også pussa opp, medan vestfløyen blei reservert tenarskapet. Kyrkja vart reparert og fekk detaljar i seinbarokk. Christopher Garmann var ein føregangsmann innan saueavl og gav ut lærebok om emnet. Han var gift tre gonger. Andre kona skal på dødsleiet av avkrevd han eit løfte om ikkje å gifta seg på ny. 20 år seinare gifta han seg likevel, men døydde berre åtte dagar etter bryllaupet. Dermed har det naturleg nok festa seg ein lokal tradisjon om at det var løftebrotet som førte han i døden.
 
Mellom dei som seinare sat med Utstein var Eilert Schanche (1859-1933). Han utmerka seg for god jordbruksdrift, og var dessutan ordførar og stortingsmann. I 1884 vart østfløyen ombygd på ny. Dei antikvariske myndigheitene fatta også interesse for Utstein. Arkitekt Chr. Christie drog hit i 1859 på oppdrag frå Foreningen til norske Fortidsmindesmerkers Bevaring og målte opp murane frå mellomalderen. I åra 1900-1904 pågjekk restaurering av klosterkyrkja etter løyving frå Stortinget. Arkitekt Gerhard Fischer starta undersøkelsar og restaurering av klosteret. I 1965 kunne kong Olav stå for opninga av det restaurerte klosteret på Utstein.