Utstein kloster: Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 14: Linje 14:
I ei bok om Utstein frå 2005 presenterer historikaren Eldbjørg Haug synspunkt som bryt med den tradisjonelle dateringa av klosteret. Ho argumenterer for at Olavsklosteret i Stavanger truleg var eit benediktinarkloster, som i så fall ikkje kan ha vore noko forløpar til Utstein. I staden finn Haug det sannsynleg at klosteret på Utstein blei grunnlagt samstundes med [[Halsnøy kloster]] i samband med kongekroninga av [[Magnus Erlingsson]] i [[Bergen]] i [[1164]]. Bak grunnlegginga av begge klostera, som fekk store jordegodsdonasjonar ved skipinga, ser ho Magnus sin far, lendmannen [[Erling Ormsson Skakke]] frå [[Stødle]] i [[Etne]] som var gift med Kristin, dotter til [[Sigurd jorsalfar]]. Denne omdateringa av Utstein kloster blir støtta mellom anna av ein [[døypefont]] frå 1100-talet som framleis finst i klosterkyrkja. Dessutan hadde [[augustinarordenen]] si blømingstid kring midten av 1100-talet, då dei andre norske klostera tilhøyrande denne ordenen vart grunnlagde.  

Mesteparten av Utstein kloster er bygd i [[gotisk stil]], men arkeologen Øystein Ekroll argumenterer i boka om klosteret frå 2005 for at her også finst eldre trekk som peikar mot den romanske stilen og ei datering til 1100-talet. Han meiner at dette særleg gjeld for austfløyen, som opphavleg har vore eit frittståande hus. Tradisjonelt er denne bygningen tolka som spor etter Magnus Lagabøte sin påbegynte kongsgard, men konkrete opplysningar om noko slikt byggeprosjekt har ein ikkje. Ekroll argumenterer i staden for at bygningen alt frå byrjinga har vore del av klosteranlegget, og at det i den eldste tida fanst ein trebygning oppå murane som munkane nytta til sovesal.  
Mesteparten av Utstein kloster er bygd i [[gotisk stil]], men arkeologen Øystein Ekroll argumenterer i boka om klosteret frå 2005 for at her også finst eldre trekk som peikar mot den romanske stilen og ei datering til 1100-talet. Han meiner at dette særleg gjeld for austfløyen, som opphavleg har vore eit frittståande hus. Tradisjonelt er eldste delen av denne bygningen tolka som spor etter Magnus Lagabøte sin påbegynte kongsgard, men konkrete opplysningar om noko slikt byggeprosjekt har ein ikkje. Ekroll argumenterer i staden for at bygningen alt frå byrjinga har vore del av klosteranlegget, og at det i den første tida fanst ein trebygning oppå murane som munkane nytta til sovesal.  

Klosterkyrkja på Utstein har ei spesiell utforming. Utgangspunktet har vore tradisjonelt med eit lite, kvadratisk kor og eit rektangulært skip. Byggeplanane er tydelegvis blitt endra undervegs. Skipet vart utvida mot nord, murane til det opphavlege koret blei omgjorde til fundament for eit høgt tårn og nytt kor med tre korskvelv bygd i same breidde som skipet. Av interessante spor frå mellomalderen kan nemnast to innrissa [[solur]] i kyrkja sitt kor og ei krukke funne inne i austveggen i koret under restaureringsarbeid. Krukka har mellom anna vore tolka som ei "lydpotte" som skulle betra akustikken, og som ein oppbevaringsstad for [[relikvier]].       