Utstein kloster: Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 14: Linje 14:
I ei bok om Utstein frå 2005 presenterer historikaren Eldbjørg Haug synspunkt som bryt med den tradisjonelle dateringa av klosteret. Ho argumenterer for at Olavsklosteret i Stavanger truleg var eit benediktinarkloster, som i så fall ikkje kan ha vore noko forløpar til Utstein. I staden finn Haug det sannsynleg at klosteret på Utstein blei grunnlagt samstundes med Halsnøy kloster i samband med kongekroninga av Magnus Erlingsson i Bergen i 1164. Bak grunnlegginga av begge klostera, som fekk store jordegodsdonasjonar ved skipinga, ser ho Magnus sin far, lendmannen Erling Ormsson Skakke frå Stødle i Etne som var gift med Kristin, dotter til Sigurd jorsalfar. Denne omdateringa av Utstein kloster blir støtta mellom anna av ein døypefont frå 1100-talet som framleis finst i klosterkyrkja. Dessutan hadde augustinarordenen si blømingstid kring midten av 1100-talet, då dei andre norske klostera tilhøyrande denne ordenen vart grunnlagde.  

Mesteparten av Utstein kloster er bygd i gotisk stil, men arkeologen Øystein Ekroll argumenterer i boka om klosteret frå 2005 for at her også finst eldre spor som peikar mot den romanske stilen og ei datering til 1100-talet. Han meiner at dette særleg gjeld for austfløyen, som opphavleg har vore eit frittståande hus. Tradisjonelt er denne bygningen tolka som spor etter Magnus Lagabøte sin påbegynte kongsgard, men konkrete opplysningar om noko slikt byggeprosjekt har ein ikkje. Ekroll argumenterer i staden for at bygningen alt frå byrjinga har vore del av klosteranlegget, og at det i den eldste tida fanst ein trebygning oppå murane som munkane nytta til sovesal. Av interessante spor frå mellomalderen kan nemnast to innrissa solur i kyrkja sitt kor, to runeinnskrifter og ei krukke funne inne i austveggen i koret under restaureringsarbeid. Krukka har mellom anna vore tolka som ei "lydpotte" som skulle betra akustikken og som ein oppbevaringsstad for relikvier.       
Mesteparten av Utstein kloster er bygd i gotisk stil, men arkeologen Øystein Ekroll argumenterer i boka om klosteret frå 2005 for at her også finst eldre spor som peikar mot den romanske stilen og ei datering til 1100-talet. Han meiner at dette særleg gjeld for austfløyen, som opphavleg har vore eit frittståande hus. Tradisjonelt er denne bygningen tolka som spor etter Magnus Lagabøte sin påbegynte kongsgard, men konkrete opplysningar om noko slikt byggeprosjekt har ein ikkje. Ekroll argumenterer i staden for at bygningen alt frå byrjinga har vore del av klosteranlegget, og at det i den eldste tida fanst ein trebygning oppå murane som munkane nytta til sovesal. Av interessante spor frå mellomalderen kan nemnast to innrissa solur i kyrkja sitt kor og ei krukke funne inne i austveggen i koret under restaureringsarbeid. Krukka har mellom anna vore tolka som ei "lydpotte" som skulle betra akustikken, og som ein oppbevaringsstad for relikvier.       

Klostergarden, som omfatta Klosterøy og Fjøløy, var ein god gard. Utstein kloster rådde over eit jordegods som plasserer det om lag midt på treet blant norske kloster. Flesteparten av eigedomane låg på Nord-Jæren og øyane i Boknafjorden. Klosteret hadde dessutan lakserett i Figgjoelva på Jæren og dreiv handel med Utsteinbussen, som er nemnt i engelske tollrekneskap kring 1300. Inntektene, særleg frå jordegodset, gjekk sterkt tilbake etter folketapet som følgje av svartedauden og andre pestar i seinmellomalderen, men munkane på Utstein ser ut til å ha makta å tilpassa seg dei nye realitetane. Klosteret var såleis i drift heilt fram til reformasjonen. Den siste abbeden vart avsett i august 1537.

Linje 26: Linje 26:

==Litteratur==
==Litteratur==
*Bjørkvik, Halvard: Klostergods og klosterdrift i Noreg i mellomalderen. I: ''Collegium Medievale''. Vol. 8, nr. 2. 1995
*Eide, Ole Egil: Om Utsteinsklosterets bygningshistorie. I: ''Collegium Medievale''. Vol. 19. 2006

*Fischer, Gerhard: ''Utstein kloster''. #, 1965