Utstyrsforretningen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 3. apr. 2015 kl. 10:02 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: '''Utstyrsforretningen''' var ei stoff- og konfeksjonsforretning i Sykkylven etablert av Agnes og Lars Korsbrekke. Dei sette opp eit stort forretnings- og bustadhus i Aure sentrum omkrin...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Utstyrsforretningen var ei stoff- og konfeksjonsforretning i Sykkylven etablert av Agnes og Lars Korsbrekke. Dei sette opp eit stort forretnings- og bustadhus i Aure sentrum omkring 1950, og i 1954 begynte dei med ei forretning i barne- og ungdomsklede i første høgda på dette huset. Agnes Korsbrekke, som var disponent, stod for den daglege drifta frå starten. Lars Korsbrekke dreiv entreprenørverksemd i mange år, men gjekk over til full stilling i firmaet frå slutten av 1960-åra.

Agnes og Lars Korsbrekke leigde tidlegare ut lokale både til bokhandel og postkontor, men etter kvart som desse verksemdene flytte ut, vart forretninga utvida og modernisert. Salsflata vart då på om lag 130 m2, og i tillegg kom lager som hadde like stort areal.

Utstyrsforretningen hadde eit assortert utval av stoff, knappar, tråd og garn, dessutan sengeutstyr og spebarnsutstyr, og klede for born, kvinner og menn.


Kjelde:

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven. Sykkylven 1983.