Utstyrsforretningen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Utstyrsforretningen var ei stoff- og konfeksjonsforretning i Sykkylven etablert av Agnes og Lars Korsbrekke. Dei sette opp eit stort forretnings- og bustadhus i Aure sentrum omkring 1950, og i 1954 begynte dei med ei forretning i barne- og ungdomsklede i første høgda på dette huset. Agnes Korsbrekke, som var disponent, stod for den daglege drifta frå starten. Lars Korsbrekke dreiv entreprenørverksemd i mange år, men gjekk over til full stilling i firmaet frå slutten av 1960-åra.

Agnes og Lars Korsbrekke leigde tidlegare ut lokale både til bokhandel og postkontor, men etter kvart som desse verksemdene flytte ut, vart forretninga utvida og modernisert. Salsflata vart då på om lag 130 m2, og i tillegg kom lager som hadde like stort areal.

Utstyrsforretningen hadde eit assortert utval av stoff, knappar, tråd og garn, dessutan sengeutstyr og spebarnsutstyr, og klede for born, kvinner og menn. Agnes Korsbrekke hadde heilt frå starten ein avtale med Rauma-garn. Etter kvart gjekk Rauma inn ein avtale med Husfliden, så no er det berre Husfliden som sel Raumagarn, og butikken i Sykkylven.

Agnes Korsebrekke stod ansvarleg for drifta heilt til ho gjekk bort i 1993. Då kom Ingvill Aure inn på eigarsida. I 2000 vart butikknamnet endra til Smått og Stort. Under nye eigarar vart drifta meir spissa og det vart satsa spesielt på barneklede og strikkeutstyr.

Kjelder

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven, Sykkylven 1983.
  • Informasjonar frå huseigar Arild Leikanger Aure til Eldar Høidal, 2015.