Vågå kommune: Forskjell mellom sideversjoner

Mellomlagring
(Oppstart på kommuneartikkel)
 
(Mellomlagring)
Linje 26: Linje 26:


Kommunesenteret er [[Vågåmo]]. Ein person frå Vågå blir kalla vagvér. Kommunevåpenet med reinsdyrmotivet viser både til utmarksnæringar (tamreindrift og jakt) og til Per Gynts bukkeritt over [[Besseggen]], som ligg innan kommunegrensene.</onlyinclude>
Kommunesenteret er [[Vågåmo]]. Ein person frå Vågå blir kalla vagvér. Kommunevåpenet med reinsdyrmotivet viser både til utmarksnæringar (tamreindrift og jakt) og til Per Gynts bukkeritt over [[Besseggen]], som ligg innan kommunegrensene.</onlyinclude>
== Namnet ==
Det fyrste kjeldebelegget for bygdenamnet er  eit [[diplom]] frå 1313. <ref> [http://www.dokpro.uio.no/perl/middelalder/diplom_vise_tekst.prl?b=141&s=n&str= Diplomatarium Norvegicum]</ref> Der finn vi forma ”a Vagha”, truleg ei bøyingsform av nominativ Vagi, som er laga av verbet vega = å føre, transportere. Stadnamnet har såleis vorte omsett med ”ferdaveg”.<ref'Norsk stadnamnleksikon, som viser til [[Magnus Olsen]] i Maal og Minne 1919.</ref>
== Kommunehistorikk og administrativ tilhøyrsle ==
Da formannskapslovene vart vedtekne i 1837, vart Vågå prestegjeld, som den gongen også omfatta anneksa Sel og Heidal, til Vågå herad. I 1907 vart Sel og Heidal utskilde som eigne kommunar. Dagens kommune består altså av det gamle Vågå hovudsokn.
Gjennom heile den kjende historia har Vågå vore knytt til dei større regionale administrasjonseiningane [[Gudbrandsdalen]] og [[Nord-Gudbrandsdalen]]. Det gjeld den mellomalderske [[Syssel|sysla]] og sidan [[futedøme]], [[sorenskriver|sorenskriveri]], politidistrikt og prosti. I [[len|lenstida]] (frå [[seinmellomalderen]] til 1660) låg Gudbrandsdalen futedøme under Akershus len. Etter 1660 tilhøyrde distriktet Opplandenes amt, seinare Kristians amt og Oppland fylke.
Sorenskrivarembetet i Nord-Gudbrandsdalen har i fleire hundre år hatt tilhald i Vågå, truleg alt sidan embetet vart oppretta rundt år 1600.
== Referansar ==
<references />
== Kjelder og litteratur ==
*[http://snl.no/V%C3%A5g%C3%A5 Store norske leksikon, oppslag Vågå, kfr. 12.10.2012]
Veiledere, Administratorer
9 136

redigeringer