Vadheimresolusjonen: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Linje 4: Linje 4:


==Resolusjonsteksten==
==Resolusjonsteksten==
Vadheimsresolusjonen lydde slik:
Vadheimresolusjonen lydde slik:


:1. I alle offentlige Skoler, ligesom ved Seminarierne, undervises mundtlig og skriftlig i norsk Bygdemaal.  
:1. I alle offentlige Skoler, ligesom ved Seminarierne, undervises mundtlig og skriftlig i norsk Bygdemaal.  

Sideversjonen fra 14. jan. 2013 kl. 22:57

Vadheimresolusjonen vart vedteke på eit amtslærarmøte for Nordre Bergenhus i Vadheim 22.-24. september 1884. Resolusjonen kravde auka rom for landsmålet i skule og styringsverk, og det var det fyrste av kring 50 liknande vedtak landet over.

Denne kampanjen var medverkande til at Stortinget i mai 1885 gjorde Jamstellingsvedtaket som sa at landsmålet skulle ha offisiell status på line med den vanlege bokspråket i skule og offentleg forvaltning.

Resolusjonsteksten

Vadheimresolusjonen lydde slik:

1. I alle offentlige Skoler, ligesom ved Seminarierne, undervises mundtlig og skriftlig i norsk Bygdemaal.
2. De for Almueskolen autoriserede Lærebøger udgives saavel i norsk som i dansk Sprogform, og overdrages Valget til Børnenes Forældre eller Foresatte.
3. I Landsskolen foregaar al Undervisning saavidt mulig paa Modermaalet. Undervisning i dansk meddeles i dertil bestemte Timer.
4. Ved alle offentlige Examina ved Skoler, Seminarier og Universitet stilles Examinanden Valget mellem norsk og dansk.
5. En Professorpost i norsk Sprog oprettes ved Universitetet.
6. Alle offentlige Tjenestemænd faar Adgang til Brug af norsk Sprog i sin offentlige Virksomhed.

Initiativet til møtet

Det var vedteke på det førre amtslærarmøtet i Førde sommaren 1881 at eit nytt skulle haldast i 1884. Kyrkjesongar Anfinn Refsdal i Vik hadde fått ansvaret i 1881, og innkallinga hans til 1884-møtet er dagsett 3. juli og vart prenta i Sogns Tidende.

I kunngjeringa vert det opplyst at det er kome inn ei sak, «Spørgsmaalet om Maalsagen», frå Henrik Mohn Dahl, styrar for Sogndal folkehøgskule. Eit resolusjonsframlegg frå Dahl er òg prenta i kunngjeringa, og framlegget vart dei neste vekene prenta i fleire aviser.

Møtet

Møtet samla kring 90 deltakarar, av dei kring 70 lærarar. Kyrkjesongar Edvard Liljedahl vart vald til ordstyrar, og Henrik Mohn Dahl innleidde om målsaka, som var fyrste sak. Etter eit lengre ordskifte vart framlegget til Dahl vedteke 23. september med nokre små endringar. Fleire punkt vart vedteke samrøystes og somme mot 5-6 røyster eller fråhaldande.

Etter vedtaket kom Dahl med følgjande tilleggsframlegg: «Denne resolution oversendes styret for det norske samlag i Kristiania med anmodning om at stille sig i spidsen for gjennemførelsen af de i foranstaaende satser indholdte grundtanke. Dette forslag bifaldtes mod 6 stemmer.»

Møtet demonstrerte såleis ei sterk tilslutning til målsaka mellom dei frammøtte lærarane, som hovudsakleg kom frå Sogn og Sunnfjord.

Resolusjonen vart gjort kjend gjennom avisene og danna raskt mønster for liknande vedtak frå lærarmøte og venstreforeiningar landet.

Bakgrunn

I litteraturen er både læraren Olav Sande på Leikanger og teologen og folkehøgskulelæraren Eirik Olson Bruhjell i Sogndal nemnde som initiativtakarar. Båe var ein del av det sterke målmiljøet kring Sogndal folkehøgskule, og båe var sentrale i ordskiftet på lærarmøtet. Avisreferata tyder likevel på at Dahl var hovudmannen.

Eit uavklart spørsmål er kor mykje initiativet til Dahl var samordna med Leikanger-presten Jakob Sverdrup. Den tidlegare folkehøgskulestyraren i Sogndal sat på Stortinget og var frå juni 1884 statsråd i Johan Sverdrup-regjeringa, og han spela ei viktig rolle i å reise målsaka i det rikspolitiske miljøet på same tida.

Kjelder og litteratur

  • Sogns Tidende, juli-november 1884
  • Lothe, Anders A. (1950). Målreisingssoga i Sogn og Fjordane. Florø: Firda lærarlag m.fl., s. 140ff og 501 (Digital utgåve, NBdigital)
  • Haugland, Kjell. (1974). Ei pressgruppe tek form. Målrørsla og Venstrepartiet 1883-1885. Historisk tidsskrift (nr. 2), 148-182.