Vamberg (Jostedalen): Forskjell mellom sideversjoner

utviding
(utviding)
Linje 20: Linje 20:
}}
}}


'''Vamberg''' (Luster, gnr. 196) er ein [[matrikkelgard]] i [[Jostedal|Jostedalen]], [[Luster kommune]]. Garden ligg i [[Krekagrendi (Jostedalen)|Krekagrendi]] på austsida av Jostedøla og grensar i sør mot [[Bjørk (Jostedalen)|Bjørk]] og i nord mot [[Ytri (Jostedalen)|Ytri]].  
'''Vamberg''' (Luster, gnr. 196) er ein [[matrikkelgard]] i [[Jostedal|Jostedalen]], [[Luster kommune]]. Garden ligg i [[Krekagrendi (Jostedalen)|Krekagrendi]] på austsida av Jostedøla og grensar i sør mot [[Bjørk (Jostedalen)|Bjørk]] og i nord mot [[Ytri (Jostedalen)|Ytri]]. Tunet ligg rett opp for [[Jostedal skule]].
 
Vamberg var opphavleg ein del av [[Bjørk (Jostedalen)|Bjørk]]. Både ein ''Stenner Vadberrig'' og ein brukar på ''BIrk'' er nemnde i skattelista frå 1600, men elles er Bjørk oftast nytta om båe bruka til opp på 1700-talet. Øyane meiner Bjørk vart delt i to bruk kring 1622, med Vamberg som det eine, men då under namnet ''Smalasete''. Bruket gjekk inn att i Bjørk kring 1626, og samanhangande busetjing ser det ikkje ut til å ha vorte på garden før tidleg på 1700-talet.
 
Den fyrste sjølveigaren var [[Otto Larsson Vamberg]] som kjøpte garden av [[Jens Munthe]] 28. juli 1778 for 90 rdl (sjå [[Eigedomstilhøve i Jostedalen før 1800]]).
 
I 1808 kjøpte klokkaren og kyrkjeeigaren [[Johannes Asbjørnson Hus]] Vamberg. Han vart sjølv buande på grannegarden Bjørk og pakta bort garden til han i 1815 selde Vamberg til svigersonen [[Halvor Olson Vamberg]] som var gift med dottera hans Eli. Eldstesonen [[Johannes Halvorson Vamberg]] fekk skøyte på bruket i 1842 og var frå 1850 kyrkjesongar og skulehaldar slik morfaren [[Johannes Asbjørnson Hus]] hadde vore. Han overtok då ombodet etter farbror sin [[Ole Olson Aasestølen]]. I åra 1854-1856 var Vamberg nær ved å bli klokkargard då [[Johannes Halvorson Vamberg]] var i tingingar med kommunen om dette. Men han døydde i mars 1857 før det vart noko av handelen.
 
Vamberg fekk på nytt ein plass i bygdestyringa då [[Nils Hermundson Bruheim]] og kona Anna Christiansdotter Espe kjøpte garden i 1899. Nils var i mange år kasserar i [[Jostedal sparebank]]. Sonen [[Hermund Nilsson Bruheim]] tok over både heimebruket og kasseraryrket i sparebanken. Hermund var dessutan likningssjef i kommunen i ei årrekkje og ordførar det meste av perioden 1923–1937.
 
Stova på Vamberg vart ein periode òg nytta som skule.


==Personar frå Vamberg==
==Personar frå Vamberg==
Veiledere, Administratorer, Skribenter
4 496

redigeringer