Vaterbord

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Vaterbord (frå Mal:Nty./Mal:Ndl. waterboord, waterbord, 'vassbord') er opprinneleg eit kraftig endebord som ligg for enden av eit tak (sjå vindskier) eller langs kanten av eit dekk. I norsk kystkultur blir ordet bruka på to måtar: 1) om det ytste, gjerne ekstra kraftige, dekksbordet som avsluttar dekket mot sida; og 2) om det flatvorne, kraftige bordet som ofte ligg ved/oppå ripa på opne båtar av austnorsk type så vel som på større tradisjonelle fartøy og nyare båttypar vesta- og nordafjells.