Veamyrane (Fyresdal)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 2. jun. 2011 kl. 19:53 av Olav Momrak-Haugan (samtale | bidrag) (Ny side: Veamyrane er opphavleg ein husmannsplass under N. Veum gnr. 86/1 som vart rydda i 1815. Folketeljinga det året kallar plassen Lassemoen, men seinare heitte han Veamyrane. Det var fleire b...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Veamyrane er opphavleg ein husmannsplass under N. Veum gnr. 86/1 som vart rydda i 1815. Folketeljinga det året kallar plassen Lassemoen, men seinare heitte han Veamyrane.

Det var fleire brukarar her. Gardmannen Svein Sveinungson selde i 1850 N. Veum til broren Petter og fekk i staden feste på Veamyrane og vart buande her resten av si tid. Stovebygningen på Veum brann og dei hadde ikkje forsikring slik at dei ikkje hadde råd til å bygge ny og difor selde garden.

Far deira var Sveinung Ivarson Fosshøl (1770-1856) frå Brunkeberg som hadde N. Veum og var lensmann i Fyresdal.

Svein Sveinungson N. Veum (1802-1868) var gift med Sigrid Gunnarsdotter Lønnegrav (1808-1905) frå Vrådal. Dei hadde 8 born. Den eldste Jorånd (1827-1901) vart gift 1849 med Bendik Ånundson Rindebakken. Gunhild (1837-1885) flytte til Vrådal 1860 medan Sigrid (1848-1920) vart gift 1879 med Tarjei Ånundson Lurås (1839-1915) frå Mo. Han vart buande på Veamyrane som husmann resten av levetida.

Veamyrane vart skyldsett frå N. Veum Ø. i 1871 og Sigrid Gunnarsdotter fekk skøyte i 1873, men selde same året til Jon Folsæ. Saman med dottera Sigrid (1889-1874) fekk ho bygselbrev på Veamyrane i 1881. Arvingane til Jon Folsæ selde Veamyrane til Fyresdal kommune i 1897.

Rindebakken gnr. 86/6 vart skilt frå i 1902 og resten av eigedomen vart dela i to, Åheim gnr. 86/7 og Myrvang gnr. 86/5.


Kjelde

  • Marvik, Steinar. Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992