Veum skule

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 9. mai 2011 kl. 06:06 av Olav Momrak-Haugan (samtale | bidrag) (Ny side: '''Veum skulehus.''' Veum skulehus er bygd 1910. Nedlagd som skule 1997 og har i 2011 ei usikker framtid. [[Bilde:Veum skule.jpg|thumb|Veum skulehus (Olav ...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Veum skulehus.

Veum skulehus er bygd 1910. Nedlagd som skule 1997 og har i 2011 ei usikker framtid.

Veum skulehus (Olav Momrak-Haugan 2007)

I Fyresdal kommune er der ei lang rekke skulehus med varierande utforming avhengig av perioden dei vart bygd i og talet på skuleelevar. Veum skulehus er det einaste her som er av sin type. Huset er bygd med to fulle høgder. I fyrste høgda er det to skulesalar, i andre høgda er det eit skulerom og eit husvere for læraren. I båe høgdene er det lange gangar på eine sida. I eine enden er det bygd eit større moderne grendehus som er ein del nytta.

Husveret i andre høgda har i lang tid vore leigd ut, er det ikkje i 2011. Etter at skulen vart nedlagd i 1997 har det vore lite bruk av huset. Der har vore skade av vatn og det er fuktig grunn slik at det er blitt skade på golv. Skulehuset var 100 år i 2010 og skulle ha vore rive i dette kulturminneåret, er enno ikkje burte, men riving er truleg nær foreståande i 2011.

Kjelde:

  • Skulen i Fyresdal i 250 år 1739 – 1989. Fyresdal skulestyre 1989.