Vingelen kopargruve: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(kategoriar)
Ingen redigeringsforklaring
Linje 2: Linje 2:
'''[[Vingelen kopargruve]]''' låg i Vingelen sokn i [[Tolga ]]. Verksemda der var starta av [[Røros kopparverk|Røros koparverk]] ein gong på 1700-talet. Med kortare og lengre avbrekk var det regulær drift i gruva fram til 1835. På byrjinga av 1900-talet var det ein del prøvedrift der, som ikkje resulterte i noko meir. Verksemda har vekt ekstra historisk interesse av di ho i ein periode på byrjinga av 1800-talet vart driven av eit [[Haugianisme|haugiansk]] kollektiv under leiing av den unge lekpredikanten [[Sara Oust]].
'''[[Vingelen kopargruve]]''' låg i Vingelen sokn i [[Tolga ]]. Verksemda der var starta av [[Røros kopparverk|Røros koparverk]] ein gong på 1700-talet. Med kortare og lengre avbrekk var det regulær drift i gruva fram til 1835. På byrjinga av 1900-talet var det ein del prøvedrift der, som ikkje resulterte i noko meir. Verksemda har vekt ekstra historisk interesse av di ho i ein periode på byrjinga av 1800-talet vart driven av eit [[Haugianisme|haugiansk]] kollektiv under leiing av den unge lekpredikanten [[Sara Oust]].


== 1700-talet ==
Gruva låg på snaufjellet  i Gruvvola, austre delen av Vingelskletten, ca. 1100 m.o.h. Staden ligg tre kilometer nord for [[Vingelen kyrkje]],
Gruva låg på snaufjellet  i Gruvvola, austre delen av Vingelskletten, ca. 1100 m.o.h. Staden ligg tre kilometer nord for [[Vingelen kyrkje]],
Tidspunktet for oppstart er uvisst. Det er fleire stader framhalde at det har skjedd i andre halvparten eller mot slutten av 1700-talet.<ref>Bakken, A.O  1973:7, Breistein, D. 1955:145</ref> Men gruva skal vere innteikna som koparverk allereie på eit kart frå 1723. <ref>[http://aps.ngu.no/pls/oradb/minres_deposit_fakta.Main?p_objid=6395&p_spraak=N  Malmdatabasen NGU]</ref>  
Tidspunktet for oppstart er uvisst. Det er fleire stader framhalde at det har skjedd i andre halvparten eller mot slutten av 1700-talet.<ref>Bakken, A.O  1973:7, Breistein, D. 1955:145</ref> Men gruva skal vere innteikna som koparverk allereie på eit kart frå 1723. <ref>[http://aps.ngu.no/pls/oradb/minres_deposit_fakta.Main?p_objid=6395&p_spraak=N  Malmdatabasen NGU]</ref>  


Malmen frå gruva vart køyrd ned til [[Tolga smeltehytte|smeltehytta på Tolga]].  
Malmen frå gruva vart køyrd ned til [[Tolga smeltehytte|smeltehytta på Tolga]].  
== Haugianartida ==
Etter at gruva hadde lege brakk ei tid rundt år 1800, fatta [[Hans Nielsen Hauge]] og lokale tilhengarar av han interesse for gruva, og såg utveg til ny drift. Hauge fortel sjølv at da han i 1803, på reise frå Nord-Noreg, var komen til [[Gudbrandsdalen]], fekk han høyre om denne gruva  i Vingelen. Han skriv at det var ein av hans vener som hadde oppdaga kopargangen, og han  «tilraadede nogle som Participanter at skyde Penge sammen, og de begyndte at drive samme Gang, og fant rig Kobbermalm der.»<ref>Bakken, A.O. 1973:7. som referer til Hauges eiga bok ''Reiser og viktigste Hændelser beskrevet af ham selv.'' Samla skrifter bd. 6. Jf. Sæter, I. 1908:17.</ref> Dei sette i gang med drift i 1804. Så, tydelegvis i etterhand, søkte dei [[Rentekammeret]] om å få godkjent ein «Convention» (overeinskomst) som dei hadde gjort seg i mellom. Røros koparverk protesterte mot haugianarane si overtaking, og dei nye drivarane oppnådde visst ikkje å få aksept i København.<ref>Breistein, D. 1955:145.</ref> Dette står i strid med det Hauge fortel at venene fekk kongeleg bevilling på gruvedrifta. D. Breistein reknar med at dette for Hauges vedkomande dreiar seg om ei «feilerindring».
Det var eit titals haugevener som gjekk saman om gruvedrifta. Det ser ut til å ha vore ei utprøving av ein kristen komunisme som Hauge og venene var opptekne av i den tidlege fasen av vekkingsrørsla. [[Hytteskrivar Irgens]] skriv iallfall i ein rapport at «disse har allting fælles». I den same rapporten kan han berette at «for disse er en Pige fra Vingelen paa nogle og 30 Aars Alder, nemlig Sara Ingebretsdtr. (Nergaard), Priorinde, thi hun er meget øvet i offentlig Tale.»<ref>Bakken, A.O. 1973:18.</ref> Hytteskrivar Irgens og lensmannen i bygda, [[Ole Skogstad]], kunne berette at det kom folk frå fleire bygder for å delta i gruvedrifta og det haugianske fellesskapet. [[Ole Olsen Grind]] kom frå Røros. Han hadde reist frå gruvearbeidet sitt på heimstaden og teke med seg mor si og heile buskapen og flytta til Vingelen. Ei kvinne få Tynset, [[Kjersti Evensdotter]], hadde flytta frå ektemann og heim, og kom til Vingelen med eit barn og ei ku. Ein [[Nils Raben]] frå Tolga er nemnd, og dertil var det kome folk frå [[Folldal|Folldalen]] og [[Dalsbygda]].


== Referansar ==
== Referansar ==

Sideversjonen fra 16. nov. 2018 kl. 16:17

Denne artikkelen er under aktiv utvikling og vil derfor framstå som en kladd inntil denne malen er fjernet. Du er velkommen til å delta i den videre utviklingen av artikkelen!


Vingelen kopargruve låg i Vingelen sokn i Tolga . Verksemda der var starta av Røros koparverk ein gong på 1700-talet. Med kortare og lengre avbrekk var det regulær drift i gruva fram til 1835. På byrjinga av 1900-talet var det ein del prøvedrift der, som ikkje resulterte i noko meir. Verksemda har vekt ekstra historisk interesse av di ho i ein periode på byrjinga av 1800-talet vart driven av eit haugiansk kollektiv under leiing av den unge lekpredikanten Sara Oust.

1700-talet

Gruva låg på snaufjellet i Gruvvola, austre delen av Vingelskletten, ca. 1100 m.o.h. Staden ligg tre kilometer nord for Vingelen kyrkje, Tidspunktet for oppstart er uvisst. Det er fleire stader framhalde at det har skjedd i andre halvparten eller mot slutten av 1700-talet.[1] Men gruva skal vere innteikna som koparverk allereie på eit kart frå 1723. [2]

Malmen frå gruva vart køyrd ned til smeltehytta på Tolga.

Haugianartida

Etter at gruva hadde lege brakk ei tid rundt år 1800, fatta Hans Nielsen Hauge og lokale tilhengarar av han interesse for gruva, og såg utveg til ny drift. Hauge fortel sjølv at da han i 1803, på reise frå Nord-Noreg, var komen til Gudbrandsdalen, fekk han høyre om denne gruva i Vingelen. Han skriv at det var ein av hans vener som hadde oppdaga kopargangen, og han «tilraadede nogle som Participanter at skyde Penge sammen, og de begyndte at drive samme Gang, og fant rig Kobbermalm der.»[3] Dei sette i gang med drift i 1804. Så, tydelegvis i etterhand, søkte dei Rentekammeret om å få godkjent ein «Convention» (overeinskomst) som dei hadde gjort seg i mellom. Røros koparverk protesterte mot haugianarane si overtaking, og dei nye drivarane oppnådde visst ikkje å få aksept i København.[4] Dette står i strid med det Hauge fortel at venene fekk kongeleg bevilling på gruvedrifta. D. Breistein reknar med at dette for Hauges vedkomande dreiar seg om ei «feilerindring».

Det var eit titals haugevener som gjekk saman om gruvedrifta. Det ser ut til å ha vore ei utprøving av ein kristen komunisme som Hauge og venene var opptekne av i den tidlege fasen av vekkingsrørsla. Hytteskrivar Irgens skriv iallfall i ein rapport at «disse har allting fælles». I den same rapporten kan han berette at «for disse er en Pige fra Vingelen paa nogle og 30 Aars Alder, nemlig Sara Ingebretsdtr. (Nergaard), Priorinde, thi hun er meget øvet i offentlig Tale.»[5] Hytteskrivar Irgens og lensmannen i bygda, Ole Skogstad, kunne berette at det kom folk frå fleire bygder for å delta i gruvedrifta og det haugianske fellesskapet. Ole Olsen Grind kom frå Røros. Han hadde reist frå gruvearbeidet sitt på heimstaden og teke med seg mor si og heile buskapen og flytta til Vingelen. Ei kvinne få Tynset, Kjersti Evensdotter, hadde flytta frå ektemann og heim, og kom til Vingelen med eit barn og ei ku. Ein Nils Raben frå Tolga er nemnd, og dertil var det kome folk frå Folldalen og Dalsbygda.


Referansar

  1. Bakken, A.O 1973:7, Breistein, D. 1955:145
  2. Malmdatabasen NGU
  3. Bakken, A.O. 1973:7. som referer til Hauges eiga bok Reiser og viktigste Hændelser beskrevet af ham selv. Samla skrifter bd. 6. Jf. Sæter, I. 1908:17.
  4. Breistein, D. 1955:145.
  5. Bakken, A.O. 1973:18.